Matteus’ evangelium 18 N11NN
1. I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»
2. Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei
3. og sa: «Sanneleg, eg seier dykk: Utan at de vender om og blir som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.
4. Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
(Mark 9,42–48; Luk 17,1–2)5. Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
6. Men den som lokkar til fall ein av desse små som trur på meg, han var betre tent med å få ein kvernstein hengd om halsen og bli søkkt i havsens djup.
7. Ve denne verda som lokkar til fall! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
8. Om handa eller foten lokkar deg til fall, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå lemlesta eller halt inn til livet enn å ha to hender og to føter og bli kasta i den evige elden.
(Luk 15,3–7)9. Og om auget lokkar deg til fall, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to auge og bli kasta i helvetes eld.
10. Ta dykk i vare så de ikkje ser med forakt på ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Dei har sine englar i himmelen som alltid ser andletet til min himmelske Far.
11. {{For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var tapt.}}
12. Kva meiner de? Om ein mann har hundre sauer og ein av dei går seg vill, lèt han ikkje då dei nittini vera att i fjellet og går av stad og leitar etter den som er komen på avvegar?
13. Sanneleg, eg seier dykk: Skulle han finna sauen, då gler han seg meir over denne eine enn over dei nittini som ikkje gjekk seg vill.
(Luk 17,3)14. Slik vil heller ikkje Far dykkar i himmelen at ein einaste av desse små skal gå tapt.
15. Syndar bror din {{mot deg}}, så gå til han og still han til ansvar på tomannshand! Høyrer han på deg, har du vunne bror din.
16. Men vil han ikkje høyra, så ta med deg ein eller to til, for etter to eller tre manns vitnemål skal kvar sak vera avgjord.
17. Høyrer han ikkje på dei, så sei det til forsamlinga. Men vil han ikkje høyra på forsamlinga heller, skal han vera som ein heidning eller ein tollar for deg.
18. Sanneleg, eg seier dykk: Alt det de bind på jorda, skal vera bunde i himmelen, og alt det de løyser på jorda, skal vera løyst i himmelen.
19. Like eins seier eg dykk: Dersom to av dykk her på jorda blir samde om å be om noko, kva det enn er, skal dei få det av Far min i himmelen.
Likninga om den hardhjarta tenaren20. For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt iblant dei.»
21. Då gjekk Peter fram til Jesus og spurde: «Herre, kor mange gonger skal bror min kunna synda mot meg og eg likevel tilgje han? Så mykje som sju gonger?»
22. Jesus svara: «Ikkje sju gonger, seier eg deg, men sytti gonger sju!
23. Difor kan himmelriket liknast med ein konge som ville gjera opp rekneskapen med tenarane sine.
24. Då han tok til med oppgjeret, førte dei fram for han ein som var skuldig ti tusen talentar.
25. Han hadde ikkje noko å betala med, og herren baud at han skulle seljast, både han og kona hans og borna og alt han eigde, så gjelda kunne betalast.
26. Men tenaren fall på kne for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg alt saman.’
27. Herren fekk inderleg medkjensle med han, sleppte han fri og ettergav han skulda.
28. Då tenaren kom ut, møtte han ein medtenar som skulda han hundre denarar. Han greip medtenaren, tok strupetak på han og sa: ‘Betal det du skuldar!’
29. Medtenaren fall ned for han og bad: ‘Ver tolmodig med meg, så skal eg betala deg.’
30. Men han ville ikkje. Han gjekk av stad og sette medtenaren sin i fengsel; der skulle han sitja til han hadde betalt skulda.
31. Då dei andre tenarane såg det som hende, vart dei svært sorgfulle. Dei gjekk til herren sin og fortalde han alt som var hendt.
32. Då kalla herren tenaren til seg att og sa til han: ‘Du vonde tenar! Heile skulda ettergav eg deg fordi du bad meg om det.
33. Skulle ikkje du òg ha vist miskunn mot medtenaren din, slik eg viste miskunn mot deg?’
34. Og herren vart sint og overgav tenaren til fangevaktarar som skulle mishandla han til han hadde betalt heile skulda.
35. Slik skal Far min i himmelen gjera med kvar ein av dykk som ikkje av hjartet tilgjev bror sin.»