Matteus’ evangelium 2 N11NN
1. Då Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem
2. og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.»
3. Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han.
4. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Messias skulle bli fødd.
5. «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:
6. Du Betlehem i Juda land, blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste. For frå deg skal det koma ein fyrste, ein hyrding for mitt folk Israel.»
7. Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg.
8. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.»
9. Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var.
10. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade.
11. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra.
På flukt til Egypt12. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.
13. Då dei var farne, synte Herrens engel seg for Josef i ein draum og sa: «Stå opp, ta barnet og mora med deg og røm til Egypt, og bli der til eg seier frå! For Herodes kjem til å leita etter barnet og vil drepa det.»
14. Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta.
Barnemordet i Betlehem15. Der vart han verande til Herodes døydde. Slik skulle det oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten: Frå Egypt kalla eg son min.
16. Då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han, vart han brennande harm. Han sende ut folk og drap alle guteborn i Betlehem og nabolaget som var to år eller yngre; dette svara til den tida han hadde fått vita av vismennene.
17. Då vart det oppfylt, det som er tala gjennom profeten Jeremia:
Frå Egypt til Nasaret18. I Rama høyrest skrik, gråt og høglydt klage: Rakel græt over borna sine og vil ikkje la seg trøysta. For dei er ikkje meir.
19. Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt
20. og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.»
21. Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet.
22. Men då han fekk høyra at Arkelaos hadde vorte konge i Judea etter Herodes, far sin, torde han ikkje fara dit. Han vart varsla i ein draum og fór til Galilea.
23. Då han kom dit, busette han seg i ein by som heiter Nasaret. Slik skulle det oppfyllast, det som er tala gjennom profetane, at han skulle kallast nasarear.