Matteus’ evangelium 24 N78NN
1. Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane.
(Mark 13,3–13; Luk 21,7–19)2. Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»
3. Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?»
4. Jesus tok til ords og sa: Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt!
5. For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor.
6. De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen.
7. Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader.
8. Men alt dette er berre dei fyrste føderiene.
9. Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld.
10. Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre.
11. Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt.
12. Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste.
13. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.
(Mark 13,14–20; Luk 21,20–24)14. Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.
15. Når de då ser at «den øydande styggedomen», som profeten Daniel har tala om, står på den heilage staden – skjøn det, den som les! –
16. då må dei som er i Judea, røma til fjells;
17. den som er på taket, må ikkje gå ned og henta noko i huset;
18. og den som er ute på marka, må ikkje gå heim etter kappa si.
19. Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane!
20. Men bed at de må sleppa å røma om vinteren eller på ein sabbat!
21. For då skal det verta så store trengsler som det aldri har vore frå verda vart skapt og til no, og som det heller aldri meir skal verta.
(Mark 13,21–27; Luk 17,23–24; 21,25–28)22. Og vart ikkje den tida avkorta, kom ikkje noko menneske til å verta frelst. Men for dei utvalde skuld skal den tida gjerast kortare.
23. Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias», eller: «Der er han», så tru det ikkje!
24. For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd.
25. Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt!
26. Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje.
27. For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.
28. Der åtselet er, vil gribbane samlast.
29. Så snart denne trengselstida er over, skal sola mørkjast og månen missa sitt ljos. Stjernene skal falla ned frå himmelen og kreftene i himmelrømda skakast.
30. Då skal teiknet åt Menneskesonen syna seg på himmelen, og alle folk på jorda skal setja i med klagerop; og dei skal sjå Menneskesonen koma på himmelskyene med stor makt og herlegdom.
(Mark 13,28–32; Luk 21,29–33)31. Medan luren ljomar, skal han senda ut englane sine, og dei skal samla dei han har valt seg ut, frå heimsens fire hjørne, frå himmelbryn til himmelbryn.
32. Lær ei likning av fikentreet: Når det kjem sevje i greinene, og lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær.
33. Like eins når de ser alt dette henda; då veit de at han er utfor døra.
34. Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender.
35. Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.
(Luk 17,26–27. 34–35; 12,39–46)36. Men den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen.
37. Som det var i Noahs dagar, så skal det vera når Menneskesonen kjem.
38. Liksom dei i tida før storflaumen åt og drakk, gifte seg og vart bortgifte, heilt til den dagen då Noah gjekk inn i arka,
39. og ingen skjøna noko før flaumen kom og tok dei alle, så skal det òg vera når Menneskesonen kjem.
40. Då skal to menn vera ute på marka; den eine vert henta, den andre vert att.
41. To kvinner skal mala saman på kverna; den eine vert henta, den andre vert att.
42. Så vak då! For de veit ikkje kva dag Herren dykkar kjem.
43. Men det skal de vita: Dersom husbonden visste kva tid på natta tjuven kom, så vakte han og lét han ikkje bryta seg inn i huset.
44. Ver difor budde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.
45. Kven er den trugne og kloke tenaren, som husbonden har sett over tenestfolket sitt, så han kan gje dei mat i rett tid?
46. Det er den tenaren som husbonden finn i arbeid med dette når han sjølv kjem attende. Sæl er han!
47. Sanneleg, det seier eg dykk: Husbonden skal setja han over alt det han eig.
48. Men er tenaren ein ring kar, tenkjer han: Herren min kjem ikkje på lenge enno.
49. Og så tek han til å slå dei andre tenarane og eta og drikka i lag med stordrikkarar.
50. Då skal herren hans koma ein dag han ikkje ventar og ein time han ikkje veit av,
51. og hogga han ned. Han skal få same lagnad som hyklarane, der dei græt og skjer tenner.