Matteus’ evangelium 28 N78NN
1. Då sabbaten var til ende, og det tok til å ljosna fyrste dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria og ville sjå til grava.
2. Då kom det brått eit kraftig jordskjelv; for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava og velte steinen ifrå og sette seg på han.
3. Han var som lynet å sjå til, og kleda hans var kvite som snø.
4. Vaktmennene skalv av redsle då dei såg han, og dei vart liggjande som døde.
5. Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest.
6. Han er ikkje her; han er oppstaden, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!
7. Skunda dykk av stad og sei til læresveinane hans: Han er oppstaden frå dei døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå han. No har eg sagt dykk det.»
8. Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad og ville fortelja det til læresveinane.
9. Men best det var, kom Jesus imot dei og sa: «Ver helsa!» Då gjekk dei fram, tok om føtene hans og tilbad han.
Eit rykte mellom jødane10. Og Jesus sa til dei: «Ver ikkje redde! Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg.»
11. Medan kvinnene var på vegen, kom nokre av vaktmennene inn til byen og fortalde overprestane alt det som hadde hendt.
12. Overprestane og dei eldste kom då saman, og dei vart samde om kva dei skulle gjera. Dei gav soldatane mange pengar
13. og sa: «Sei at læresveinane hans kom om natta og stal han medan de sov.
14. Og skulle landshovdingen få høyra om det, skal vi tala med han, så de kan vera trygge.»
(Mark 16,15–16; Luk 24,47–48; Joh 20,21–23)15. Dei tok imot pengane og gjorde som dei var føresagde. Såleis kom det ordet ut mellom jødane, og det har halde seg til denne dag.
16. Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei.
17. Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila.
18. Då steig Jesus fram og tala til dei: «Eg har fått all makt i himmelen og på jorda.
19. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande,
20. og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.»