Matteus’ evangelium 5 N78NN
1. Då Jesus såg folkehopen, gjekk han opp i fjellet. Der sette han seg, og læresveinane samla seg om han.
2. Då tok han til ords og lærte dei:
3. Sæle dei som er fattige ¬i seg sjølve, himmelriket er deira.
4. Sæle dei som syrgjer, dei skal verta trøysta.
5. Sæle dei tolsame, dei skal arva jorda.
6. Sæle dei som hungrar ¬og tyrstar etter rettferda, dei skal verta metta.
7. Sæle dei miskunnsame, dei skal få miskunn.
8. Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.
9. Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born.
10. Sæle dei som vert forfylgde ¬for rettferd, himmelriket er deira.
11. Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis.
(Mark 9,50; 4,21; Luk 14,34–35; 11,33)12. Ver glade og fegne, for stor er løna dykkar i himmelen! Sameleis forfylgde dei òg profetane før dykk.
13. De er saltet på jorda! Men misser saltet si kraft, kan det då verta til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; folk kastar det ut og trakkar det ned.
14. De er ljoset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje døljast.
15. Ingen kveikjer eit ljos og set det under eit kar, men i staken; då lyser det for alle i huset.
Lov og oppfylling16. Såleis skal ljoset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!
17. Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane! Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylla.
18. Sanneleg, det seier eg dykk: Før himmel og jord forgår, skal ikkje den minste bokstav eller ein einaste prikk i lova forgå – før alt har hendt.
19. Om då nokon opphevar eit einaste av desse minste boda, og lærer menneska såleis, skal han reknast for den minste i himmelriket. Men den som held boda og lærer andre det, han skal vera stor i himmelriket.
Drap og vreide20. Ja, det seier eg dykk: Er ikkje dykkar rettferd mykje større enn rettferda åt dei skriftlærde og farisearane, kjem de aldri inn i himmelriket.
21. De har høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje slå i hel. Den som slår i hel, skal koma for domstolen.
22. Men eg seier dykk: Den som vert sint på ein annan, skal koma for domstolen, og den som seier til ein annan: Din fåming, skal koma for Det høge rådet, og den som seier: Din gudlause narr, er skuldig til helvetes eld.
23. Når du går fram til altaret med offergåva di, og du der kjem i hug at ein annan har noko å klaga deg for,
24. så lat gåva di liggja framfor altaret og gå fyrst og forlik deg med han. Kom så og ber fram offeret ditt!
25. Ver snar til å semjast med motparten din medan du enno er med han på vegen. Elles stemner han deg for domaren, og domaren gjev deg over til vaktmannen, og du vert kasta i fengsel.
Ekteskap og skilsmål26. Sanneleg, det seier eg deg: Du slepp ikkje ut att før du har betalt til siste øre.
27. De har høyrt det er sagt: Du skal ikkje bryta ekteskapet.
28. Men eg seier dykk: Den som ser på ei kvinne med lyst etter henne, han har alt gjort ekteskapsbrot med henne i hjarta sitt.
29. Om høgre auga ditt lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen vert kasta i helvete.
30. Og om høgre handa lokkar deg til synd, så hogg henne av og kast henne frå deg! Det er betre for deg at du misser ein av lemene dine enn at heile lekamen kjem i helvete.
31. Det er sagt: Den som skil seg frå kona si, skal gje henne skilsmålsbrev.
Eid og sanning32. Men eg seier dykk: Den som skil seg frå kona si av annan grunn enn hor, han valdar at andre bryt ekteskapet med henne. Og den som gifter seg med ei fråskild kvinne, bryt ekteskapet.
33. De har òg høyrt det er sagt til fedrane: Du skal ikkje sverja falskt, men halda det du med eid har lova for Herren.
34. Men eg seier dykk: De skal ikkje sverja i det heile, korkje ved himmelen, for det er Guds kongsstol,
35. eller ved jorda, for det er fotbenken hans, eller ved Jerusalem, for det er byen til den store kongen.
36. Heller ikkje skal du sverja ved hovudet ditt; for du kan ikkje gjera eit einaste hår kvitt eller svart.
(Luk 6,29–30)37. Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei! Alt som er meir enn det, er av det vonde.
38. De har høyrt det er sagt: Auga for auga og tann for tann.
39. Men eg seier dykk: Set dykk ikkje imot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til.
40. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg.
41. Tvingar nokon deg til å fylgja han ei mil, fylg han to.
(Luk 6,27–28. 32–36)42. Gjev den som bed deg, og snu deg ikkje frå den som vil låna av deg.
43. De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din.
44. Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk,
45. så de kan vera born åt Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode, og lèt det regna over rettferdige og urettferdige.
46. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same?
47. Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same?
48. Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.