Profeten Mika 2 N11NN
1. Ve dei som tenkjer ut urett og planlegg vondt medan dei ligg i senga! Når dagen gryr, set dei det i verk, fordi det står i deira makt.
2. Markene dei har lyst på, røvar dei, husa tek dei, og dei tvingar under seg mannen og hans hus, bonden og eigedomen hans.
3. Difor seier Herren: Eg tenkjer ut ulukke over denne slekta, den kan de ikkje fri nakken ifrå. De skal ikkje lenger gå stolte ikring, for dette blir ei vond tid.
4. Den dagen skal dei syngja ei nidvise og klaga ein klagesong over dykk. «Vi er herja og øydelagde! Jorda til folket mitt blir bortgjeven, ja, teken frå meg. Markene våre blir utdelte til fråfalne.»
5. Då skal du ikkje ha nokon i Herrens forsamling til å kasta lodd og dela ut jord.
6. «Hald opp med å profetera!» seier profetane. «Slik må ingen profetera! Tek skjellsorda aldri slutt?»
7. Kva er det du seier, Jakobs hus? Har Herren mista tolmodet? Er det slik han fer fram? Har eg ikkje gode ord til dei som ferdast rett?
8. Men folket mitt har alt stått fram som ein fiende. De dreg kappa av fredelege folk. Dei som vandrar trygt, blir krigsfangar.
9. Kvinnene i folket mitt driv de bort frå heimane dei var glade i. De har for alltid teke mi ære frå småborna hennar.
10. Stå opp og gå! For dette er ingen kvilestad. Fordi han er urein, skal han øydeleggjast, og øydelegginga er fæl.
Herren vil samla Israels rest11. Ein som fór med løgn og bedrag og sa: «Eg spår for deg om vin og drikk», det ville ha vore ein profet for dette folket!
12. Eg vil samla deg, Jakob, heile deg. Eg vil sanka saman Israels rest, føra dei saman som sauer i ei kve, som ein bøling på beite, ein ståkande flokk av menneske.
13. Han som bryt igjennom, går føre dei. Dei bryt igjennom og dreg ut av porten. Kongen deira går føre dei, Herren sjølv er i spissen for dei.