Profeten Mika 3 N11NN
1. Eg sa: Høyr, Jakobs hovdingar, de leiarar i Israels hus! Var det ikkje de som skulle kjenna retten?
2. Men de hatar det gode og elskar det vonde. De riv huda av folk og kjøtet av beina deira.
3. Dei et kjøtet av folket mitt, huda flår dei av dei, og beina deira knuser dei. Dei breier det ut som i ei gryte, som kjøtet i ein kjel.
Mot dei falske profetane4. Når dei så ropar til Herren, svarar han dei ikkje. På den tid skal han løyna andletet for dei, for dei har gjort vonde gjerningar.
5. Så seier Herren om dei profetane som fører folket mitt vill, som ropar «fred» berre dei får noko å tyggja på, men lyser heilag krig mot dei som ikkje gjev dei munnen full:
6. Difor skal det bli natt for dykk – utan syn, og mørker – utan spådom. Sola skal gå ned for profetane og dagen formørkjast omkring dei.
7. Då skal sjåarane bli til skamme og spåmennene til spott. Alle skal dei løyna skjegget, for det kjem ikkje svar frå Gud.
Jerusalem skal falla8. Eg, derimot, er full av styrke ved Herrens ande, av rett og kraft, så eg kan tala til Jakob om hans brot, til Israel om hans synd.
9. Høyr dette, de hovdingar i Jakobs hus, de leiarar i Israels hus, de som avskyr rettferd og krøkjer det som er rett,
10. som byggjer Sion med blod og Jerusalem med urett!
11. Hovdingane hennar dømmer for betaling, prestane tek løn for å undervisa, profetane spår for pengar, og likevel støttar dei seg til Herren og seier: «Er ikkje Herren midt iblant oss? Det hender ikkje oss noko vondt.»
12. Difor: Sion skal pløyast til åker, Jerusalem skal bli til ruin og tempelberget til haugar dekte av skog.