Logo
🔍

Profeten Mika 3 N78NN

« Mot dei griske hovdingane

1. Eg sa: Høyr, de Jakobs hovdingar, de styresmenn i Israel! Skulle ikkje de vita kva som er lov og rett?

2. Men de hatar det gode og elskar det vonde. De flår skinnet av folk og riv kjøtet av knokane.

3. Dei et kjøtet av folket mitt, flår skinnet av ¬og knuser beina deira. Dei breier det ut som i ei gryte, som kjøtet i ein kjel.

Mot dei falske profetane

4. Når dei så ropar til Herren, svarar han ikkje. Han løyner sitt åsyn for dei for deira vonde åtferd skuld.

5. Så seier Herren ¬om dei profetane som fører folket mitt vilt, som forkynner fred og lukke berre dei får noko å tyggja på, men lyser heilag krig mot dei som ikkje gjev dei ¬munnen full:

6. Difor skal det koma over dykk ei natt utan syner og mørker utan spådom. Sola skal gå ned for profetane og dagen svartna ikring dei.

7. Då skal sjåarane ¬verta til skammar, spåmennene stå der ¬med vanære. Dei skal løyna skjegget, ¬alle saman, for det kjem ikkje svar ¬ifrå Gud.

Jerusalem og templet skal falla

8. Men eg, eg er full av styrke, av Herrens Ande, ¬av rett og kraft, så eg kan tala til Jakob ¬om hans brot, til Israel om hans synd.

9. Høyr dette, ¬de hovdingar i Jakobs ætt, de styresmenn i Israel, de som styggjest ved rettferd og krøkjer det som er rett,

10. som byggjer Sion ¬med bloddåd og Jerusalem med urett!

11. Der dømer hovdingen ¬for betaling, presten tek løn for å læra, og profeten spår for pengar. Likevel stør dei seg til Herren ¬og seier: «Er ikkje Herren ¬midt imellom oss? Det hender ikkje oss ¬noko vondt.»

12. Difor skal Sion ¬– for dykkar skuld – pløyast som ein åker. Jerusalem skal verta ¬ei steinrøys og tempelberget ¬ein skogkledd ås.

»