Logo
🔍

Profeten Mika 4 N78NN

« Fredsriket

1. I dei siste dagar ¬skal det henda at Herrens tempelberg skal stå grunnfest høgt over alle fjell og lyfta seg opp ¬over alle haugar. Dit skal folkeslag strøyma.

2. Mange folk skal gå av stad ¬og seia: «Kom, lat oss fara opp ¬til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, så han kan læra oss sine vegar, og vi kan ferdast ¬på hans stigar! For frå Sion skal lovlære gå ut, og Herrens ord frå Jerusalem.»

3. Han skal døma ¬mellom mange folk, skifta rett for mektige folkeslag ¬langt borte. Då skal dei smida sverda sine om til plogjern og spyda sine ¬til vingardsknivar. Folk skal ikkje meir lyfta sverd ¬mot folk og ikkje lenger læra å føra krig.

4. Men alle skal sitja trygt, kvar under sitt vintre ¬og sitt fikentre, og ingen skal skræma dei. For Herren, Allhærs Gud, ¬har tala.

Herren skal samla og leia folket sitt

5. Alle folka ferdast, kvart i sin guds namn; men vi skal evig og alltid ferdast i Herren ¬vår Guds namn.

6. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren, vil eg samla inn dei haltande, kalla saman dei bortdrivne og dei eg har fare ille med.

Israels frelse frå fangenskapet

7. Dei haltande gjer eg ¬til ein rest, dei bortdrivne ¬til eit mektig folk, og Herren skal vera konge ¬over dei på Sion frå no og til evig tid.

8. Du Sions gjætartårn ¬og vakthaug, til deg skal det ein gong koma, det herrevelde du hadde før, kongemakta i Jerusalem.

9. Men no, kvifor skrik du så sårt? Er det ingen konge hjå deg? Er han som rår over deg, ¬komen bort sidan du vrid deg ¬som i fødselsrier?

10. Skrik og vrid deg, Sions dotter, som ei fødande kvinne, for no lyt du bort frå byen og bu i villmarka. Du skal koma til Babel, men der vert du berga. Der vil Herren løysa deg ut or handa på fiendane dine.

11. No har mange folkeslag ¬samla seg mot deg. Dei seier: «Sion er vanæra, vi ser på henne med lyst.»

12. Men dei kjenner ikkje ¬Herrens tankar og skjønar ikkje hans plan: å samla dei ¬som korn på treskjevollen.

13. Stå opp og tresk, ¬du Sions dotter, for eg vil gje deg horn ¬av jern og klauver av kopar. Du skal knusa mange folk og vigsla deira hærfang ¬til Herren, deira gods til han som er herre over all jorda.

14. No risp deg opp, ¬du kringsette dotter! Dei har kasta opp ein voll ¬imot oss. Med stav slår dei ¬Israels herre på kinnet.

»