Logo
🔍

Profeten Mika 5 N78NN

« Fredsfyrsten frå Betlehem

1. Men du, Betlehem, Efrata, den ringaste ¬mellom ættene i Juda! Frå deg skal eg få meg ¬ein mann som skal vera herre over Israel. Han har sitt opphav ¬i gamal tid, han er frå eldgamle dagar.

2. Så lèt Gud dei gå ¬sine eigne vegar til dess ho som skal føda, ¬har født. Då kjem resten av brørne hans heim att til Israels søner.

3. Han skal stå og gjæta ¬i Herrens kraft, med makt og mynd ¬frå Herren sin Gud. Og no skal dei sitja trygt, for hans velde ¬når til heimsens endar.

4. Han skal koma med fred. «Når assyrarane kjem inn ¬i landet vårt og stig inn i borgene våre, då reiser vi imot dei sju hyrdingar, ja, åtte fyrstar.

Jakobs rest

5. Dei skal gjæta Assurs land ¬med sverd, ja, Nimrods land ¬med dregne våpen.» Men han skal frelsa ¬frå assyrarane når dei kjem inn i landet vårt og stig over grensene våre.

6. Mellom mange folk ¬skal Jakobs rest vera som dogg frå Herren, som ei regnskur på gras. Dei ventar ikkje ¬på nokon mann og vonar ikkje på menneske.

7. Mellom folkeslaga ¬vert Jakobs rest – midt imellom mange folk – som løva mellom dyra i skogen, som ungløva i saueflokkar. Ho fer fram og trakkar ned, ho riv i hel, og ingen bergar.

Bort med alt framandt!

8. Lat di hand vera lyft mot dine motstandarar! Må alle dine fiendar rydjast ut!

9. Den dagen, ¬lyder ordet frå Herren, vil eg rydja ut hestane dine og gjera stridsvognene dine ¬til inkjes.

10. Byane i landet legg eg i øyde, og alle festningane ¬bryt eg ned.

11. Trolldomsmidla tek eg frå deg, og teikntydarar ¬skal du ikkje lenger ha.

12. Gudebileta dine rydjar eg ut, steinstøttene dine tek eg bort. Du skal ikkje lenger bøya deg og tilbe det du sjølv har laga.

13. Asjera-pålane riv eg opp, og byane legg eg i øyde.

14. I vreide og harme tek eg hemn over folkeslag ¬som ikkje vil høyra.

»