Profeten Mika 6 N78NN
1. Høyr kva Herren seier: Reis deg, ¬før di sak for fjella, lat haugane høyra di røyst!
2. Høyr Herrens klagemål, ¬de fjell, lyd etter, de faste grunnvollar ¬under jorda! For Herren har sak ¬med folket sitt, han går til doms med Israel.
3. Mitt folk, kva har eg gjort deg? Kva har eg trøytta deg med? Gjev meg svar!
4. Eg førte deg opp frå Egypt og løyste deg ut or trælehuset. Eg sette Moses, Aron ¬og Mirjam til å føra deg.
5. Mitt folk, kom i hug ¬kva planar han hadde, Balak, kongen i Moab, og hugs det svaret han fekk av Bileam, son til Beor, på vegen frå Sjittim til Gilgal, så du kan skjøna Herrens frelsesgjerningar.
6. Kva skal eg ha med når eg stig fram for Herren og bøyer meg for Gud ¬i det høge? Skal eg koma til han ¬med brennoffer, bera fram årsgamle kalvar?
7. Bryr Herren seg om verar ¬i tusental, om oljebekker i titusental? Skal eg ofra min fyrstefødde ¬for mitt brot, mi livsfrukt for mi synd?
Domen over Jerusalem8. Herren har då sagt deg, ¬menneske, kva godt er, og kva han krev av deg: At du skal gjera rett, visa trufast kjærleik og ferdast audmjukt ¬med din Gud.
9. Høyr, Herren ropar til byen! – Å ottast ditt namn ¬er visdom. – Høyr, du ætt og byforsamling!
10. Har den vonde enno i sitt hus skattar samla på urett vis, og ein snau, forbanna efa?
11. Kan eg vera rein med urett vekt og falske vektlodd i pungen?
12. Rikmennene dine ¬gjer valdsverk, borgarane dine fer med lygn, ei svikefull tunge ¬har dei i munnen.
13. Men eg vil ta til å slå deg, øydeleggja deg ¬for dine synder.
14. Du skal eta og ikkje verta mett, tom skal du kjenna deg. Det du legg til sides, ¬skal du ikkje berga, og det du bergar, ¬gjev eg til sverdet.
15. Du skal så, men ikkje hausta, pressa oliven, men ikkje ¬salva deg med olje, pressa druer, ¬men ikkje drikka vin.
16. Du har fylgt Omris skikkar og bore deg åt som Akabs ætt. Etter deira råd har de vandra. Difor vil eg leggja deg i øyde og gjera borgarane dine ¬til spott, og vanæra over folket mitt ¬må de bera.