Logo
🔍

Profeten Mika 7 N78NN

« Klage og von

1. Ve meg! Det har gått meg så som når ein haustar ¬inn frukt og driv med ettersanking ¬av druer: Det finst ikkje ei drue å eta, ikkje ein fiken eg har hug på.

2. Det finst ingen from meir ¬i landet, ingen rettvis mellom folk. Alle ligg dei på lur etter blod, kvar ein vil fanga sin neste ¬i garnet.

3. Dei er glupe til å gjera vondt. Hovdingane kjem med krav, og domarane vil ha betaling. Stormannen set fram ¬sine ynske, og så snur dei saka som dei vil.

4. Den beste av dei ¬er som ein klunger, den ærlegaste ¬verre enn ein klungerhekk. Det kjem ein dag ¬for dine vektarar når du skal krevjast ¬til rekneskap. Då vert dei redde og rådlause.

5. Tru ikkje på frenden din, set ikkje lit til venen din! Vakta munnen ¬for henne du tek i famn!

6. For ein son vanvørder far sin, ei dotter set seg opp ¬mot mor si, ei sonekone mot vermor si. Og ein manns husfolk ¬er hans fiendar.

Ljos i mørkret

7. Men eg vil speida etter Herren, venta på Gud som frelser meg. Min Gud vil høyra meg!

8. Gled deg ikkje over meg, ¬min fiende, for om eg fell, reiser eg meg att. Og sit eg i mørker, ¬er Herren mitt ljos.

9. Herrens vreide må eg bera fordi eg har synda mot han, til dess han tek opp mi sak og syter for at eg får rett. Han skal føra meg ut i ljoset, og eg skal sjå hans rettferd.

10. Mine fiendar skal sjå det og raudna av skam, dei som sa til meg: «Kvar er Herren din Gud?» Eg skal fylgja dei med augo når dei vert nedtrakka ¬som avfall i gata.

11. Ein dag skal dei byggja ¬dine murar og gjera dine grenser vide.

12. Den dagen skal dei koma ¬til deg frå Assur og Egyptarland, frå Egypt til Eufrat, frå hav til hav ¬og frå fjell til fjell.

Bøn om Israels atterreising

13. Då skal jorda verta ei audn på grunn av dei som bur der, og det som dei har gjort.

14. Vakta folket ditt ¬med staven din, den flokken ¬som er din eigedom, som ligg åleine i skogen med grøderike marker ikring. Lat dei få beita ¬i Basan og Gilead, som dei gjorde i gamle dagar.

15. Lat oss få sjå storverk som då du drog ut or Egypt.

16. Folka skal sjå det ¬og skjemmast, endå så mektige dei er. Dei må leggja handa ¬på munnen og stå med døve øyro.

Kven er ein Gud som du?

17. Lat dei slikka støv ¬som ormen, lik dyr som kryp på jorda. Skjelvande skal dei koma ¬frå sine gøymsler fram for Herren vår Gud. Lat dei gripast av redsle ¬og ottast deg!

18. Kven er ein Gud som du, som tek bort skuld ¬og tilgjev brot for resten av sitt eige folk? Han held ikkje evig fast ¬på vreiden, for han har hug til miskunn.

19. Herren skal atter ¬miskunna oss og trø våre misgjerningar ¬under fot. Du skal kasta ¬alle våre synder ned i havsens djup.

20. Så vis då truskap mot Jakob og miskunn mot Abraham, så som du høgtideleg lova våre fedrar i gamle dagar.