Logo
🔍

Profeten Nahum 3 N11NN

« Verop over Ninive

1. Ve den blodige byen, full av svik og full av plyndring, aldri manglar han bytte.

2. Svepesmell og ramling av hjul, hestar i galopp og slingrande vogner,

3. ryttarar går til åtak, blinkande sverd og lynande spyd. Mengder av drepne, haugar av lik, ingen ende på døde kroppar, ein snublar i døde.

4. Det er fordi ho har drive hor, den vakre, trollkunnige hora som slavebatt folkeslag med sitt hor og stammar med sin trolldom.

5. Sjå, eg kjem mot deg! seier Herren over hærskarane. Eg lyfter kjolen din over andletet på deg og viser deg naken fram for folkeslag, eg viser skamma di til kongerike.

6. Eg kastar skit på deg, vanærar deg og syner deg fram.

Spottevise om Ninive

7. Alle som ser deg, skal flykta og seia: «Ninive er herja, kven har medkjensle med henne?» Kvar skal eg leita etter trøystarar til deg?

8. Er du betre enn No-Amon, som låg ved Nilen, med vatn ikring, med havet til voll og vatnet til mur?

9. Kusj og Egypt var styrken hennar, ein styrke utan grenser. Put og libyarane gav henne hjelp.

10. Ho òg måtte dra i eksil som fange. Borna hennar vart knuste på alle gatehjørne, dei kasta lodd om stormennene, dei mektige vart lagde i lenkjer.

11. Du òg skal drikka deg full. Du skal gøyma deg. Du òg skal søkja vern mot fienden.

12. Alle festningane dine er som fikentre med tidleg frukt. Blir dei riste, fell det fiken i munnen på den som vil eta.

13. Sjå, krigsfolket hos deg er som kvinner. Portane til landet skal stå vidopne for fienden. Eld skal eta bommane dine.

14. Hent opp vatn før du blir kringsett, set festningane i stand. Trakk gjørme, stamp leire, ta mursteinsforma fram!

15. Der skal elden eta deg, sverdet skal rydda deg ut, det et som grashopper. Bli mange som grashopper, mange som sirissar!

16. Handelsmennene dine vart fleire enn stjernene på himmelen. Grashoppa opnar seg og flyg.

17. Vaktmennene dine er som sirissar, skrivarane liknar ein grashoppesverm som slår seg ned på steingjerdet når dagen blir kjølig. Sola renn, dei flyg, ingen veit kvar dei er.

18. Du konge av Assur, oppsynsmennene dine er trøytte, stormennene legg seg ned. Folket ditt er spreidd over fjella, ingen sankar dei inn.

19. Samanbrotet kan ikkje lækjast, du er alvorleg såra. Alle som får høyra om deg, klappar i hendene. For kven har ikkje gong på gong vorte råka av din vondskap?