Logo
🔍

Nehemjas bok 12 N78NN

« Preste- og levittættene

1. Dette er dei prestane og levittane som kom heim med Serubabel Sjealtielsson og Josva: Seraja, Jeremia, Esra,

2. Amarja, Malluk, Hattusj,

3. Sjekanja, Rehum, Meremot,

4. Iddo, Ginnetoi, Abia,

5. Mijamin, Ma’adja, Bilga,

6. Sjemaja, Jojarib, Jedaja,

7. Sallu, Amok, Hilkia og Jedaja. Desse var leiarar for prestane og for brørne sine på Josvas tid.

8. Levittane var: Josva, Binnui, Kadmiel, Sjerebja, Juda og Mattanja. Det var han og brørne hans som styrte lovsongen,

9. medan Bakbukja og Unni og brørne deira stod midt imot dei og gjorde si teneste.

10. Josva fekk sonen Jojakim, Jojakim fekk Eljasjib, Eljasjib fekk Jojada,

11. Jojada fekk Jonatan, og Jonatan fekk Jaddua.

12. På Jojakims tid var desse mennene leiarar for presteættene: Meraja for Seraja-ætta, Hananja for Jeremia-ætta,

13. Mesjullam for Esra-ætta, Johanan for Amarja-ætta,

14. Jonatan for Malluk-ætta, Josef for Sjebanja-ætta,

15. Adna for Harim-ætta, Helkai for Merajot-ætta,

16. Sakarja for Iddo-ætta, Mesjullam for Ginneton-ætta,

17. Sikri for Abia-ætta, for Minjamin-ætta, Piltai for Moadja-ætta,

18. Sjammua for Bilga-ætta, Jonatan for Sjemaja-ætta,

19. Mattenai for Jojarib-ætta, Ussi for Jedaja-ætta,

20. Kallai for Sallai-ætta, Eber for Amok-ætta,

21. Hasjabja for Hilkia-ætta og Netanel for Jedaja-ætta.

22. Leiarane for presteættene vart oppskrivne i Eljasjibs, Jojadas, Johanans og Jadduas tid, heilt til styringstida åt persarkongen Dareios.

23. Leiarane for levittættene vart oppskrivne i krønikeboka fram til den tid Johanan Eljasjibsson levde.

24. Leiarane for levittane var: Hasjabja, Sjerebja, Josva, Binnui og Kadmiel og brørne deira som stod midt imot dei, kor mot kor, og song Guds lov og pris, så som føreskrive var av gudsmannen David.

25. Mattanja, Bakbukja, Obadja, Mesjullam, Talmon og Akkub heldt vakt over lagerroma i portane.

Muren kring Jerusalem vert vigsla

26. Desse levde på same tid som Jojakim, son til Josva Josadaksson, og på same tid som statthaldaren Nehemja og presten Esra, den skriftlærde.

27. Då muren kring Jerusalem skulle vigslast, henta dei levittane frå alle bustadene deira og førte dei til Jerusalem. Der skulle dei halda vigsle og gledehøgtid med lovprising og song, til klangen av cymblar, harper og lyrer.

28. Så samla songarane seg i Jerusalem. Dei kom frå området kring byen, frå landsbyane åt Netofa-sønene,

29. frå Bet-Haggilgal og frå markene kring Geba og Asmavet. For songarane hadde bygt seg landsbyar rundt ikring Jerusalem.

30. Då prestane og levittane hadde reinsa seg sjølve og så hadde reinsa folket, portane og muren,

31. lét eg stormennene i Judea stiga opp på muren. Så stelte eg opp to store lovsongskor. Det eine gjekk til høgre nedover muren mot Oskeporten.

32. Etter dei fylgde Hosjaja og halvparten av stormennene i Judea,

33. Asarja, Esra, Mesjullam,

34. Juda, Benjamin, Sjemaja og Jeremia.

35. Så kom nokre av prestane med trompetar. Det var Sakarja, son til Jonatan, son til Sjemaja, son til Mattanja, son til Mikaja, son til Sakkur, son til Asaf,

36. og brørne hans, Sjemaja, Asarel, Milalai, Gilalai, Ma’ai, Netanel, Juda og Hanani. Dei bar dei musikkinstrumenta som gudsmannen David hadde fastsett, og Esra, den skriftlærde, gjekk føre dei.

37. Dei gjekk framom Kjeldeporten og opp troppene til Davids-byen. Så gjekk dei ned den troppa som fører til muren attmed Davids hus, og fram til Vassporten i aust.

38. Det andre koret gjekk til venstre, og eg fylgde etter med den andre halvparten av folket. Vi gjekk oppe på muren, framom Omnstårnet, bort til Den breie muren,

39. så over Efraims-porten, Gamleporten og Fiskeporten, framom Hananel-tårnet og Mea-tårnet, til Saueporten, og vart ståande ved Fengselsporten.

40. Så stelte dei to kora seg opp attmed Guds hus. Det same gjorde eg og halvparten av forstandarane med meg,

41. og prestane Eljakim, Ma’aseja, Minjamin, Mikaja, Eljoenai, Sakarja og Hananja med trompetane sine,

42. og så Ma’aseja, Sjemaja, Elasar, Ussi, Johanan, Malkia, Elam og Eser. Og songarane røysta i; det var Jisrakja som styrte songen.

43. Den dagen bar dei fram store offer, og dei gledde seg; for Gud hadde gjort dei storleg glade. Kvinnene og borna gledde seg òg, og jubelropa i Jerusalem høyrdest langan lei.

44. Same dagen vart det sett inn menn som skulle ha tilsyn med lagerroma for dei heilage gåvene, fyrstegrøda og all tienda. Der skulle dei samla det som kom inn frå bymarkene, og som prestane og levittane hadde rett til etter lova. Gleda i Judea var stor fordi prestane og levittane atter gjorde teneste i heilagdomen.

45. Dei tok seg av tenesta for sin Gud og stod for reinsinga. Like eins gjorde songarane og portvaktarane si gjerning, som føreskrive var av David og Salomo, son hans.

46. Alt i gamle dagar, i Davids tid, vart Asaf leiar for songarane og hadde ansvaret for lov- og takkesongen til Gud.

47. Og i Serubabels og Nehemjas dagar gav alle israelittane songarane og portvaktarane det dei trong kvar dag. Folket kom til levittane med heilage gåver, og levittane kom til Arons-sønene med det dei skulle ha.

»