Logo
🔍

Fjerde Mosebok 16 N78NN

« Oppreist mot Moses vert straffa

1. Korah, son til Jishar Kehats-son av Levi-ætta, gjorde saman med Datan og Abiram, sønene til Eliab, og On Peletsson av Rubens-ætta

2. oppreist mot Moses. Dei fekk med seg to hundre og femti israelittar som var hovdingar i folket, leiarar i Israels-lyden, og hadde eit godt namn.

3. Dei slo seg saman mot Moses og Aron og sa til dei: «No går de for langt! Alle som høyrer lyden til, er heilage, og Herren er midt imellom dei. Kvifor vil de då setja dykk over Herrens lyd?»

4. Då Moses høyrde det, kasta han seg ned med andletet mot jorda.

5. Så tala han til Korah og heile flokken hans og sa: «I morgon vil Herren syna kven som er heilag og høyrer han til, så han kan koma han nær. Den som Herren vel ut, får koma han nær.

6. Dette skal de gjera, du Korah og heile flokken din: Ta dykk glopanner,

7. ha eld i dei og legg røykjelse oppå for Herrens åsyn i morgon! Den mannen som Herren då vel ut, han skal vera heilag. Så får det vera nok, de Levi-søner!»

8. Så sa Moses til Korah: «Høyr no her, de levittar!

9. Er det ikkje nok for dykk at Israels Gud har skilt dykk ut frå folket, så de får stiga fram for Herren og gjera teneste i bustaden hans, stiga fram for folket og tena det?

10. Han har då late deg og alle brørne dine, levittane, få koma nær til seg. Og no vil de ha prestedømet òg!

11. Sei meg, du og heile flokken din, som slår dykk saman mot Herren: Kva er Aron, sidan de er misnøgde og murrar mot han?»

12. Moses sende bod etter Datan og Abiram, sønene til Eliab. Men dei sa: «Vi kjem ikkje!

13. Er det ikkje nok at du har ført oss opp frå eit land som fløymer med mjølk og honning, så vi skulle døy i øydemarka? Vil du no attpå gjera deg til herre over oss?

14. Du har sanneleg ikkje ført oss til eit land som fløymer med mjølk og honning, eller gjeve oss åkrar og vingardar til eige. Trur du at du kan føra folk som oss bak ljoset? Nei, vi kjem ikkje.»

15. Då vart Moses brennande harm og sa til Herren: «Bry deg ikkje om offergåvene deira! Ikkje så mykje som eit esel har eg teke frå dei, og ingen av dei har eg gjort noko vondt.»

16. Så sa Moses til Korah: «I morgon skal du og heile flokken din stiga fram for Herren, og Aron skal vera med.

17. De skal ta kvar si glopanne og leggja røykjelse på dei. Kvar av dykk skal bera si glopanne fram for Herren, to hundre og femti panner i alt. Du og Aron skal òg ta kvar si panne.»

18. Så tok dei kvar si glopanne, hadde eld i dei og la røykjelse på og stod attmed møteteltdøra saman med Moses og Aron.

19. Korah hadde samla heile flokken mot dei framfor møteteltdøra. Då synte Herrens herlegdom seg for heile Israels-lyden.

20. Og Herren sa til Moses og Aron:

21. «Skil dykk ut frå denne flokken, så skal eg tyna dei på ein augneblink!»

22. Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda og sa: «Gud, du Gud som rår over livsanden i alle menneske, harmast du på heile lyden fordi ein mann syndar?»

23. Herren sa til Moses:

24. «Tal til Israels-lyden og sei: Hald dykk borte frå bustaden åt Korah, Datan og Abiram!»

25. Då reiste Moses seg og gjekk bort til Datan og Abiram, og Israels eldste fylgde han.

26. Og han tala til lyden og sa: «Gå bort frå telta åt desse gudlause mennene, og kom ikkje nær noko som høyrer dei til. Elles vert de òg rivne bort på grunn av alle syndene deira.»

27. Då gjekk folket bort frå bustaden åt Korah, Datan og Abiram. Datan og Abiram var komne ut og stod framfor teltdøra saman med konene og borna sine, både store og små.

28. Moses sa: «Dette skal de ha til teikn på at det er Herren som har sendt meg for å gjera alle desse gjerningane, og at eg ikkje gjer dei av meg sjølv.

29. Dersom desse døyr på same vis som anna folk og får den same lagnad som andre menneske, då er det ikkje Herren som har sendt meg.

30. Men dersom Herren gjer noko nytt og uhøyrt, dersom jorda opnar gapet sitt og gløyper dei og alt folket deira, så dei fer levande ned til dødsriket, då skal de vita at desse mennene har vanvørdt Herren.»

31. Ikkje før hadde Moses sagt dette, så rivna grunnen under dei.

32. Jorda opna gapet sitt og gløypte både dei og bustaden deira, alle som heldt med Korah, og alt det dei åtte.

33. Dei og alle som høyrde dei til, fór levande ned til dødsriket, og jorda gøymde dei. Såleis vart dei utrudde or Israels-lyden.

34. Alle israelittane som stod ikring dei, rømde då dei høyrde korleis dei skreik. «Jorda kunne då gløypa oss òg,» sa dei.

35. Så fór det eld ut frå Herren og brende opp dei to hundre og femti mennene som hadde bore fram røykjelsen.

36. Då tala Herren til Moses og sa:

37. Sei til presten Elasar, son åt Aron, at han skal ta glopannene bort frå brannstaden, for dei har vorte heilage, og strøya glørne vidt utover.

38. Av glopannene åt desse mennene som laut døy fordi dei hadde synda, skal du laga tynne, hamra plater til å kle altaret med. Dei er heilage fordi mennene bar dei fram for Herren. Dei skal vera eit teikn til åtvaring for israelittane.

39. Presten Elasar tok bronsepannene som dei hadde bore fram røykjelse i, dei mennene som brann opp, og han hamra dei ut så ein kunne kle altaret med dei.

Aron gjer soning for synda åt folket

40. Dette skulle minna israelittane om at ingen framand, ingen som ikkje er av Arons ætt, måtte brenna røykjelse for Herren. Elles ville det gå han som det gjekk Korah og flokken hans, som Herren hadde sagt han gjennom Moses.

41. Dagen etter tok heile Israels-lyden til å murra mot Moses og Aron. «Det er de som har drepe Herrens folk,» sa dei.

42. Som no folket slo seg saman mot Moses og Aron, vende dei seg begge mot møteteltet. Og sjå, skya låg over teltet, og Herrens herlegdom synte seg.

43. Då gjekk Moses og Aron fram for møteteltet.

44. Herren tala til Moses og sa:

45. «Gå bort frå denne flokken, så skal eg tyna dei på ein augneblink.» Då kasta dei seg ned med andletet mot jorda.

46. Og Moses sa til Aron: «Ta glopanna, legg glør frå altaret i henne og ha røykjelse oppå! Skunda deg så bort til lyden og gjer soning for dei! For ein vreidedom er komen frå Herren. Det har brote ut pest.»

47. Aron gjorde som Moses hadde sagt. Han tok glopanna og sprang midt inn i flokken. Og sjå, då hadde pesten alt teke til å herja mellom folket. Så la han røykjelsen på glørne og gjorde soning for folket.

48. Medan han stod der mellom døde og levande, stansa pesten.

49. Men det var fjorten tusen sju hundre som døydde i den pesten, forutan dei som miste livet for Korahs skuld.

50. Då pesten hadde gjeve seg, gjekk Aron attende til Moses, til møteteltdøra.

»