Logo
🔍

Fjerde Mosebok 2 N11NN

« Israels-hæren blir mønstra

1. Herren tala til Moses og Aron:

2. Israelittane skal slå leir, kvar under sitt banner og sitt familiemerke. Leiren skal liggja omkring teltheilagdomen og vera vend mot han.

3. Juda med sitt banner skal slå leir på austsida, mot soloppgangen, hæravdeling for hæravdeling. Nahsjon, son til Amminadab, er leiar for Juda-sønene,

4. og 74 600 er mønstra i hæravdelinga hans.

5. Jissakar-stammen skal slå leir ved sida av. Netanel, son til Suar, er leiar for Jissakar-sønene,

6. og 54 400 er mønstra i hæren hans.

7. Så kjem Sebulon-stammen. Eliab, son til Helon, er leiar for Sebulon-sønene,

8. og 57 400 er mønstra i hæren hans.

9. Alle som er mønstra i Juda-leiren, er 186 400, hæravdeling for hæravdeling. Desse skal bryta opp først.

10. Ruben med sitt banner skal slå leir mot sør, hæravdeling for hæravdeling. Elisur, son til Sjede'ur, er leiar for Ruben-sønene,

11. og 46 500 er mønstra i hæren hans.

12. Simon-stammen skal slå leir ved sida av. Sjelumiel, son til Surisjaddai, er leiar for Simon-sønene,

13. og 59 300 er mønstra i hæren hans.

14. Så kjem Gad-stammen. Eljasaf, son til De'uel, er leiar for Gad-sønene,

15. og 45 650 er mønstra i hæren hans.

16. Dei som er mønstra i Ruben-leiren, er i alt 151 450, hæravdeling for hæravdeling. Desse skal bryta opp som nummer to.

17. Teltheilagdomen skal førast ut når levittleiren bryt opp; han er midt mellom dei andre leirane. Slik dei slår leir, skal dei bryta opp, kvar på sin plass og under sitt banner.

18. Efraim med sitt banner skal slå leir mot vest, hæravdeling for hæravdeling. Elisjama, son til Ammihud, er leiar for Efraim-sønene,

19. og 40 500 er mønstra i hæren hans.

20. Manasse-stammen skal slå leir ved sida av Efraim. Gamliel, son til Pedasur, er leiar for Manasse-sønene,

21. og 32 200 er mønstra i hæren hans.

22. Så kjem Benjamin-stammen. Abidan, son til Gidoni, er leiar for Benjamin-sønene,

23. og 35 400 er mønstra i hæren hans.

24. Dei som er mønstra i Efraim-leiren, er i alt 108 100, hæravdeling for hæravdeling. Desse skal bryta opp som nummer tre.

25. Dan-stammen med sitt banner skal slå leir mot nord, hæravdeling for hæravdeling. Ahieser, son til Ammisjaddai, er leiar for Dan-sønene,

26. og 62 700 er mønstra i hæren hans.

27. Asjer-stammen skal slå leir ved sida av. Pagiel, son til Okran, er leiar for Asjer-sønene,

28. og 41 500 er mønstra i hæren hans.

29. Så kjem Naftali-stammen. Ahira, son til Enan, er leiar for Naftali-sønene,

30. og 53 400 er mønstra i hæren hans.

31. Dei som er mønstra i Dan-hæren, er i alt 157 600. Desse skal bryta opp til slutt under sine banner.

32. Dette er dei israelittane som vart mønstra, familie for familie. Talet på dei som vart mønstra i leirane, hæravdeling for hæravdeling, var i alt 603 550.

33. Men levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane, for dette hadde Herren pålagt Moses.

34. Israelittane gjorde alt Herren hadde pålagt han. Slik slo dei leir under sine banner, og slik braut dei opp, kvar einskild med si slekt og sin familie.

»