Fjerde Mosebok 2 N78NN
1. Herren sa til Moses og Aron:
2. Israelittane skal liggja i leir, kvar under si fane og sitt ættemerke. Leiren skal vera kring møteteltet, eit stykke frå det.
3. På framsida, mot aust, skal Juda-hæren liggja, flokk for flokk. Naksjon, son til Amminadab, er hovding over Juda-sønene,
4. og 74 600 er mønstra i fylkinga hans.
5. Attmed dei skal Jissakars-ætta liggja. Netanel, son til Suar, er hovding over Jissakars-sønene,
6. og 54 400 er mønstra i fylkinga hans.
7. Så kjem Sebulons-ætta. Eliab, son til Helon, er hovding over Sebulons-sønene,
8. og 57 400 er mønstra i fylkinga hans.
9. Dei som er mønstra i Juda-hæren, flokk for flokk, er 186 400. Det er den fyrste fylkinga som skal ta ut.
10. Mot sør skal Rubens-hæren liggja, flokk for flokk. Elisur, son til Sjede’ur, er hovding over Rubens-sønene,
11. og 46 500 er mønstra i fylkinga hans.
12. Attmed dei skal Simeons-ætta liggja. Sjelumiel, son til Surisjaddai, er hovding over Simeons-sønene,
13. og 59 300 er mønstra i fylkinga hans.
14. Så kjem Gads-ætta. Eljasaf, son til De’uel, er hovding over Gads-sønene,
15. og 45 650 er mønstra i fylkinga hans.
16. Dei som er mønstra i Rubens-hæren, flokk for flokk, er i alt 151 450. Det er den andre fylkinga som skal ta ut.
17. Så skal levitt-hæren, midt imellom dei andre, ta ut med møteteltet. Etter som dei har lege i leir, skal dei fara i veg, kvar mann på sin stad og under si fane.
18. Mot vest skal Efraims-hæren liggja, flokk for flokk. Elisjama, son til Ammihud, er hovding over Efraims-sønene,
19. og 40 500 er mønstra i fylkinga hans.
20. Attmed dei kjem Manasse-ætta. Gamliel, son til Pedasur, er hovding over Manasse-sønene,
21. og 32 200 er mønstra i fylkinga hans.
22. Så kjem Benjamins-ætta. Abidan, son til Gidoni, er hovding over Benjamins-sønene,
23. og 35 400 er mønstra i fylkinga hans.
24. Dei som er mønstra i Efraims-hæren, flokk for flokk, er i alt 108 100. Det er den tredje fylkinga som skal ta ut.
25. Mot nord skal Dans-hæren liggja, flokk for flokk. Akieser, son til Ammisjaddai, er hovding over Dans-sønene,
26. og 62 700 er mønstra i fylkinga hans.
27. Attmed dei skal Asjers-ætta liggja. Pagiel, son til Okran, er hovding over Asjers-sønene,
28. og 41 500 er mønstra i fylkinga hans.
29. Så kjem Naftali-ætta. Akira, son til Enan, er hovding over Naftali-sønene,
30. og 53 400 er mønstra i fylkinga hans.
31. Dei som er mønstra i Dans-hæren, er i alt 157 600. Det er den siste fylkinga som skal ta ut, under fanene sine.
32. Dette var dei israelittane som vart mønstra, kvar i si ættgrein. Talet på alle dei som vart mønstra i hærane, flokk for flokk, var 603 550.
33. Levittane vart ikkje mønstra saman med dei andre israelittane. Som Herren hadde sagt Moses føre,
34. så gjorde israelittane. Dei slo leir, kvar under si fane, og dei tok i veg, kvar i si ætt og si ættgrein, heilt og fullt som Herren hadde sagt Moses føre.