Fjerde Mosebok 23 N11NN
1. Då sa Bileam til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og gjer klar sju oksar og sju vêrar til meg!»
2. Balak gjorde som Bileam sa, og dei ofra ein okse og ein vêr på kvart altar.
Bileams tale3. Så sa Bileam til Balak: «Still deg her attmed brennoffera dine medan eg går av stad. Kanskje Herren kjem til møtes med meg. Og det han lèt meg sjå, skal eg kunngjera deg.» Så gjekk han opp på ei snau høgd.
4. Gud kom til møtes med Bileam, og Bileam sa til han: «No har eg stelt til dei sju altara, og på kvart altar har eg ofra ein okse og ein vêr.»
5. Då la Herren ord i munnen på Bileam og sa: «Gå tilbake til Balak og sei det eg har sagt deg.»
6. Bileam gjekk tilbake og fekk sjå Balak stå bortmed brennoffera sine saman med alle Moabs hovdingar.
7. Då bar han fram sin visdomstale: Frå Aram vart eg henta av Balak, frå fjella i aust av Moabs konge: «Kom! Lys forbanning over Jakob for meg! Kom! Kall vreide ned over Israel!»
8. Kan eg forbanna den som Gud ikkje har forbanna? Kan eg kalla vreide ned når Herren ikkje er vreid?
9. Eg ser han frå toppen av berga, frå høgdene skodar eg han: Her er eit folk som bur for seg sjølv, det blir ikkje rekna blant andre folkeslag.
10. Kven kan telja Jakobs støvkorn, kven kjenner talet på Israels støvgrann? Gjev eg fekk døy slik den rettvise døyr, gjev livet mitt enda som hans!
11. Då sa Balak til Bileam: «Kva er det du gjer mot meg? Eg gav deg i oppdrag å forbanna fiendane mine, og sjå, no har du rikt velsigna dei!»
12. Bileam svara: «Skulle eg ikkje ta meg i vare og seia det Herren legg meg i munnen?»
13. Men Balak sa til han: «Kom og ver med meg til ein annan stad der du òg kan sjå folket. Men frå den staden kan du berre sjå utkanten av dei, og ikkje alle. Derifrå kan du forbanna dei for meg.»
14. Så tok han Bileam med seg til vakthaugen på toppen av Pisga-fjellet. Der bygde han sju altar, og på kvart altar ofra han ein okse og ein vêr.
15. Bileam sa til Balak: «Still deg her attmed brennoffera dine medan eg møter Gud der borte.»
16. Herren kom til møtes med Bileam og la ord i munnen hans. «Gå tilbake til Balak», sa han, «og sei det eg har sagt deg.»
17. Då Bileam kom att, såg han at Balak stod attmed brennoffera sine. Moabs hovdingar stod saman med han. Balak spurde: «Kva sa Herren?»
18. Då bar han fram sin visdomstale: Reis deg, Balak, og høyr! Legg øyret til, du son til Sippor!
19. Gud er ikkje ein mann, så han lyg, eit menneskebarn, så han skifter hug. Gjer han ikkje det han seier, held han ikkje det han lovar?
20. Eg fekk i oppdrag å velsigna. Velsignar han, kan ikkje eg gjera det om.
21. Det er ingen vondskap i sikte for Jakob, inga ulukke å sjå for Israel. Herren deira Gud er med dei, med jubelrop blir kongen hylla hos dei.
22. Gud, som førte dei ut av Egypt, har styrke som ein villokse.
23. For det er ingen som tek varsel i Jakob, det finst ikkje spådom i Israel. I rette tid blir det sagt til Jakob og Israel kva Gud har gjort.
24. Sjå, folket reiser seg som ei løvinne, som ei løve fer det opp! Det legg seg ikkje til ro før det har metta seg med rov og drukke blodet av dei det drap.
25. Då sa Balak til Bileam: «Du vil ikkje forbanna dei. Då skal du heller ikkje velsigna dei!»
26. Men Bileam svara: «Har eg ikkje sagt deg at eg må gjera alt det som Herren seier?»
27. Då sa Balak til Bileam: «Kom, så skal eg ta deg med til ein annan stad. Kanskje Gud synest det er rett at du forbannar folket for meg derifrå.»
28. Så tok Balak med seg Bileam opp på toppen av Peor-fjellet, der ein kan sjå ut over heile øydemarka.
29. Bileam sa til Balak: «Bygg sju altar for meg her, og gjer klar sju oksar og sju vêrar til meg!»
30. Balak gjorde som Bileam sa, og ofra ein okse og ein vêr på kvart altar.