Logo
🔍

Fjerde Mosebok 24 N78NN

«

1. Då Bileam skjøna at Herren ville velsigna Israel, gjekk han ikkje bort og søkte varsel, som han før hadde gjort, men vende seg mot øydemarka.

2. Han såg utover og fekk auga på Israels-ættene, som låg der side om side. Då kom Guds Ande over han,

3. og han kvad: Så seier Bileam, son til Beor, så seier mannen ¬med attlatne augo,

4. så seier han ¬som høyrer ord ifrå Gud og får syner frå Den Allmektige, der han sit med klårsynte augo:

5. Kor fagre dine telt er, Jakob, dine bustader, Israel!

6. Dei er som vide dalar, som hagar langs ei elv, lik aloëtre ¬som Herren har planta, lik sedrar som veks attmed vatn.

7. Vatnet strøymer frå Israels kar, det dei sår, ¬får rikeleg med væte. Større enn Agag ¬skal kongen deira vera, høgt skal hans velde nå.

8. Gud førte dei ut or Egypt, og dei har styrke ¬som ein villokse. Dei øyder ut fiendslege folk, knuser deira bein ¬og bryt deira piler.

9. Dei legg seg ned ¬og kviler som ei løve, som ei løvinne ¬– kven torer vekkja henne? Velsigna er den ¬som velsignar deg, og forbanna den ¬som forbannar deg.

10. Då vart Balak brennande harm på Bileam. Han slo saman hendene og sa til han: «Eg kalla deg hit for at du skulle forbanna fiendane mine, og no har du velsigna dei tre gonger!

11. Kom deg heim att så fort du kan! Eg hadde tenkt å visa deg stor ære, men sjå, Herren har nekta deg æra.»

12. Bileam svara: «Eg sa då alt til dei mennene du sende:

13. Om Balak gav meg alt det sølv og gull han har i huset sitt, kunne eg ikkje gå imot Herrens ord og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt. Det Herren seier, må eg tala.

14. Sjå, no fer eg heim att til landet mitt. Men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera mot folket ditt ein gong i tida.»

15. Så kvad han: Så seier Bileam, son til Beor, så seier mannen ¬med attlatne augo,

16. så seier han ¬som høyrer ord ifrå Gud, som tek imot kunnskap ¬frå Den Høgste og får syner frå Den Allmektige, der han sit med klårsynte augo:

17. Eg ser han, men ikkje no, eg skodar han, men ikkje nær. Ei stjerne stig opp or Jakob, ein kongsstav lyfter seg ¬frå Israel. Han skal knusa ¬Moabs tinningar og skallen på alle Sets søner.

18. Han skal vinna over Edom, leggja fienden Se’ir under seg; Israel skal auka si makt.

19. Ein fyrste dreg ut frå Jakob, han rydjar ut dei ¬som er att i byen.

20. Så fekk Bileam auga på amalekittane, og han heldt fram med kvadet sitt: Det fremste av folkeslag ¬er Amalek, men til sist skal han gå under.

21. Då Bileam fekk auga på kenittane, kvad han: Endå din bustad ¬er traust og trygg, og ditt reir er bygt på berget,

22. skal Kain gå til grunne. Kor lenge skal det vara før Assur fører deg ¬i fangenskap?

23. Endå ein gong kvad Bileam: Ve! Kven slepp frå det med livet om ikkje Gud har vilja det så?

24. Frå kittearane kjem det skip; dei døyver Assur og Eber. Men dei òg går ¬mot undergangen.

25. Så stod Bileam opp og fór heim att. Og Balak drog sin veg.

»