Fjerde Mosebok 30 N78NN
1. Moses sa dette til israelittane, heilt og fullt så som Herren hadde bode han.
2. Moses tala til hovdingane over Israels-ættene og sa: Dette har Herren gjeve påbod om:
3. Når ein mann gjev Herren ein lovnad eller bind seg med eid til å halda seg frå eit eller anna, då må han ikkje bryta ordet sitt, men gjera det han har lova.
4. Når ei ung kvinne som enno er heime hjå far sin, gjev Herren ein lovnad og bind seg til fråhald,
5. og far hennar får høyra om lovnaden og plikta ho har teke på seg, men ikkje seier noko til henne om det, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag.
6. Men dersom far hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då skal ingen av lovnadene eller dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag. Og Herren skal tilgje henne, fordi det var faren som sa nei.
7. Set at ei kvinne har ein lovnad på seg når ho vert gift, eller har bunde seg med eit tankelaust ord.
8. Dersom mannen hennar får vita det, men ikkje seier noko til henne same dagen, då skal lovnadene og dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag.
9. Men dersom mannen hennar same dagen som han får vita det, seier nei til henne, då gjer han den lovnaden ho har teke på seg, til inkjes, og like eins det tankelause ordet som ho har bunde seg med. Og Herren skal tilgje henne.
10. Når ei enkje eller ei fråskild kvinne gjev ein lovnad, skal han stå ved lag, kva ho så har bunde seg til.
11. Dersom ei kvinne etter at ho er gift, gjev ein lovnad eller bind seg med eid til fråhald,
12. og mannen hennar får vita det, men teier og ikkje seier nei til henne, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag.
13. Men dersom mannen hennar gjer det om inkje same dagen som han får høyra om det, då skal ikkje eit ord som ho har sagt, stå ved lag, anten det er ein lovnad ho har gjeve, eller ei plikt ho har teke på seg. Mannen hennar har gjort det om inkje, og Herren skal tilgje henne.
14. Kvar lovnad ho har gjeve, og kvar plikt til fråhald eller faste som ho har teke på seg med eid, kan mannen hennar stadfesta eller gjera om inkje.
15. Dersom han teier og ikkje seier noko til henne frå den eine dagen til den andre, då stadfester han alt det ho har lova, og alt det ho har bunde seg til. Han stadfester det når han ikkje seier noko den dagen han får vita om det.
16. Men gjer han det sidan om inkje, må han ta ansvaret for brotet hennar.
17. Dette er dei føresegnene Herren gav Moses om den rett som gjeld mellom mann og kone, og mellom far og dotter så lenge ho er ung og bur heime hjå far sin.