Logo
🔍

Fjerde Mosebok 34 N11NN

« Israels grenser

1. Herren sa til Moses:

2. Dette skal du påleggja israelittane, dette skal du seia til dei: Når de kjem inn i Kanaan-landet, då er dette det landet de får til eige, landet Kanaan frå grense til grense.

3. På sørsida skal de ha frå Sin-ørkenen langsmed Edom. De skal ha grense mot sør frå enden av Saltsjøen mot aust.

4. Grensa skal svinga sørom Akrabbim-skardet og halda fram til Sin. Så skal ho gå sør for Kadesj-Barnea til Hasar-Addar og derifrå over til Asmon.

5. Frå Asmon skal grensa svinga ned til Egyptarbekken og enda ute ved havet.

6. I vest skal de ha Storhavet til grense. Det skal vera grensa dykkar mot vest.

7. I nord skal dette vera grensa dykkar: Frå Storhavet skal de trekkja grensa opp til Hor-fjellet

8. og frå Hor-fjellet til Lebo-Hamat. Grensa skal enda ute ved Sedad.

9. Så skal grensa halda fram til Sifron og enda ved Hasar-Enan. Det skal vera grensa dykkar mot nord.

10. I aust skal de dra opp grensa frå Hasar-Enan til Sjefam.

11. Frå Sjefam skal grensa gå ned til Ribla, austafor Ajin, og så nedover til ho når fjellryggen på austsida av Kinneret-sjøen.

12. Så skal ho følgja Jordan og enda nedmed Saltsjøen. Dette skal vera landet dykkar, med desse grensene omkring.

13. Moses sa til israelittane: Dette er det landet de skal få til eigedom ved loddkasting, det Herren har gjeve påbod om at dei ni stammane og den eine halve stammen skal få.

14. For Ruben-stammen med familiar, Gad-stammen med familiar og halvparten av Manasse-stammen har alt teke sine eigedomar.

Dei som skal fordela landet

15. Desse to stammane og den eine halve stammen har teke sin eigedom på andre sida av Jordan, rett imot Jeriko, på austsida, mot soloppgangen.

16. Herren sa til Moses:

17. Her er namna på dei mennene som skal skifta landet mellom dykk: presten Elasar og Josva, son til Nun,

18. og så skal de ta ut ein leiar for kvar stamme til å fordela landet.

19. Her er namna på desse mennene: for Juda-stammen Kaleb, son til Jefunne;

20. for Simon-stammen Samuel, son til Ammihud;

21. for Benjamin-stammen Elidad, son til Kislon;

22. for Dan-stammen ein leiar, Bukki, son til Jogli;

23. for Josefs etterkomarar ein leiar av Manasse-stammen, Hanniel, son til Efod,

24. og ein leiar av Efraim-stammen, Kemuel, son til Sjiftan;

25. for Sebulon-stammen ein leiar, Elisafan, son til Parnak;

26. for Jissakar-stammen ein leiar, Paltiel, son til Assan;

27. for Asjer-stammen ein leiar, Ahihud, son til Sjelomi,

28. og for Naftali-stammen ein leiar, Peda'el, son til Ammihud.

29. Det var desse Herren påla å fordela Kanaan-landet mellom israelittane.

»