Logo
🔍

Fjerde Mosebok 36 N78NN

« Lov om arv og ekteskap for døtrer

1. Leiarane for dei huslydane som var ætta frå Gilead, son til Makir, Manasses son, og som høyrde Josefs-ættene til, steig fram for Moses og leiarane, ættehovdingane i Israel

2. og sa: Herren har sagt at du, herre, skal skifta landet mellom israelittane ved loddkasting. Og han har sagt, herre, at du skal la døtrene til Selofhad, frenden vår, få eigedomen etter far sin.

3. Men gifter dei seg med menn frå dei andre Israels-ættene, går arven deira over frå eigedomen åt fedrane til den ætta dei no skal tilhøyra. Såleis minkar den eigedomen vi har fått.

4. Når ettergjevingsåret kjem hjå israelittane, vert arven åt døtrene lagd til eigedomen i den ætta dei tilhøyrer. Han vert teken frå den odelsjorda som vår fedreætt fekk.

5. Då tala Moses til israelittane så som Herren hadde sagt han føre: Det er rett det som leiarane i Josefs-ætta seier.

6. Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med kven dei vil, berre dei gifter seg innan si eiga fedreætt.

7. Så skal ingen eigedom i Israel gå over frå ei ætt til ei anna; men kvar israelitt skal halda fast på arven innan si fedreætt.

8. Kvar dotter som arvar jord i ei av Israels-ættene, må gifta seg med ein mann frå hennar eiga fedreætt, så kvar israelitt kan arva odelsjord etter fedrane sine.

9. Såleis skal ingen eigedom gå over frå ei ætt til ei anna; men alle Israels-ættene kan halda fast, kvar på sin arv.

10. Døtrene til Selofhad gjorde som Herren hadde sagt til Moses.

11. Makla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med sønene til farbrørne sine.

12. Dei fekk menn som var ætta frå Manasse, son til Josef, så eigedomen deira kom til å fylgja den ætta dei tilhøyrde.

13. Dette er dei bod og lover som Herren gav israelittane gjennom Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.