Logo
🔍

Fjerde Mosebok 4 N11NN

«

1. Herren sa til Moses og Aron:

2. Tel opp Kehat-sønene, som høyrer til levittane, slekt for slekt og familie for familie,

3. alle menn som er mellom tretti og femti år, alle som skal gjera pliktteneste og utføra arbeid ved teltheilagdomen.

4. Dette er tenesta til Kehat-sønene ved teltheilagdomen: Dei skal ta seg av det høgheilage.

5. Når leiren skal bryta opp, skal Aron og sønene hans koma og ta ned det forhenget som skjermar, og breia det over kista med vitnemålet.

6. Dei skal leggja ein duk av fint skinn på kista og deretter breia over henne eit klede som er av fiolett purpur heilt igjennom. Så skal dei setja berestengene i.

7. Over bordet med skodebrød skal dei breia eit klede i fiolett purpur, og på det skal dei setja fata, skålene, krukkene og kannene for drikkofferet. Også brødet som alltid ligg framme, skal vera der.

8. Og over alt dette skal dei breia eit karmosinraudt klede. Så skal dei dekkja det med eit teppe av fint skinn og setja berestengene i.

9. Dei skal ta eit klede av fiolett purpur og breia over lysestaken og lampene som er på han, tengene, pannene og alle oljekrukkene som dei bruker når dei steller staken.

10. Dei skal leggja staken og alle tinga som høyrer til, i eit teppe av fint skinn og setja det på ei båre.

11. Over det gullkledde altaret skal dei breia eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja det med eit teppe av fint skinn og setja berestengene i.

12. Alle tinga som dei bruker når dei gjer teneste i heilagdomen, skal dei ta og leggja i eit klede av fiolett purpur. Så skal dei dekkja dei med eit teppe av fint skinn og setja dei på ei båre.

13. Dei skal ta bort den feite oska frå altaret og breia eit purpurraudt klede over det.

14. Oppå det skal dei leggja alle tinga som dei bruker når dei gjer altarteneste: glopannene, kjøtgaflane, eldskuffene og offerskålene, alle tinga som høyrer altaret til. Så skal dei breia ein duk av fint skinn over det og setja berestengene i.

15. Når Aron og sønene hans er ferdige med å breia over heilagdomen og alle tinga der, skal leiren brytast. Då skal Kehat-sønene koma og bera. Men dei må ikkje røra ved det heilage. Gjer dei det, skal dei døy. Dette er det Kehat-sønene skal bera av det som høyrer teltheilagdomen til.

16. Elasar, son til Aron, presten, har ansvaret for lampeoljen, den velluktande røykjelsen, det daglege grødeofferet og salvingsoljen. Han skal ha ansvar for heile bustaden og alt som er i han, både heilagdomen og tinga der.

17. Herren sa til Moses og Aron:

18. De må ikkje la Kehats slektsgrein bli skoren bort frå stammen til levittane!

19. For at dei skal berga livet og ikkje døy når dei kjem nær det høgheilage, skal de gjera slik med dei: Aron og sønene hans skal gå og seia til kvar einskild av dei kva dei skal gjera, og kva dei skal bera.

20. Men Kehat-sønene må ikkje gå inn og sjå det heilage, ikkje så mykje som ein augneblink. For då skal dei døy.

21. Herren sa til Moses:

22. Gersjon-sønene skal du òg telja opp, familie for familie og slekt for slekt.

23. Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra, alle som kan gjera pliktteneste. Dei skal arbeida ved teltheilagdomen.

24. Dette er det Gersjon-slektene har til oppgåve å gjera og bera:

25. Dei skal bera teltdukane som høyrer bustaden til, dei som dekkjer teltheilagdomen: teppet av fint skinn som ligg over han, og forhenget framfor opninga til teltheilagdomen,

26. dessutan omhenget rundt føregarden og forhenget framfor porten til føregarden som er kring bustaden og altaret, og snorene og alle tinga som dei treng til arbeidet. Dei skal gjera alt arbeidet med dette.

27. Det arbeidet Gersjon-sønene utfører, alt dei skal bera og alt dei skal gjera, skal skje etter påbod frå Aron og sønene hans. De må sjå til at dei tek ansvar for alt det dei skal bera.

28. Dette er det arbeidet Gersjon-slektene har å gjera ved teltheilagdomen. Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med tenesta deira.

29. Så skal du mønstra Merari-sønene, slekt for slekt og familie for familie.

30. Alle menn som er mellom tretti og femti år, skal du mønstra, alle som kan gjera pliktteneste. Dei skal gjera arbeidet med teltheilagdomen.

31. Og dette er det dei har ansvar for å bera når dei arbeider med teltheilagdomen: plankane i bustaden, tverrstenger, stolpar og fotstykke,

32. og stolpane rundt føregarden med fotstykke, pluggar og snorer, alle tinga og alt dei treng til arbeidet. De skal setja opp ei liste og namngje kvar ting som dei har ansvaret for å bera.

33. Dette er det arbeidet Merari-slektene har å gjera ved teltheilagdomen. Og Itamar, son til Aron, presten, skal ha tilsyn med det.

34. Moses og Aron og leiarane for forsamlinga mønstra så Kehat-sønene, slekt for slekt og familie for familie,

35. alle menn mellom tretti og femti år som kunne gjera pliktteneste ved teltheilagdomen.

36. Talet på dei som vart mønstra, slekt for slekt, var 2750.

37. Dette er dei av Kehat-slektene som vart mønstra, alle som skulle gjera arbeid ved teltheilagdomen, og som Moses og Aron mønstra på Herrens ord gjennom Moses.

38. Så vart Gersjon-sønene mønstra, slekt for slekt og familie for familie.

39. Alle menn mellom tretti og femti år som kunne gjera pliktteneste, skulle utføra arbeid ved teltheilagdomen.

40. Talet på dei som vart mønstra, slekt for slekt og familie for familie, var 2630.

41. Dette er dei av Gersjon-slektene som vart mønstra, alle som gjorde arbeid ved teltheilagdomen, og som Moses og Aron mønstra på Herrens ord.

42. Så vart Merari-sønene og slektene deira mønstra, slekt for slekt og familie for familie.

43. Alle menn mellom tretti og femti år som kunne gjera pliktteneste, skulle utføra arbeid ved teltheilagdomen.

44. Talet på dei som vart mønstra, slekt for slekt, var 3200.

45. Dette er dei av Merari-slektene som vart mønstra, dei som Moses og Aron mønstra på Herrens ord gjennom Moses.

46. No hadde Moses og Aron og Israels leiarar mønstra levittane, slekt for slekt og familie for familie,

47. alle menn mellom tretti og femti år, alle som skulle gå inn i tenesta, og alle som skulle arbeida ved teltheilagdomen og bera det som høyrer til.

48. Og talet på dei som vart mønstra, var 8580.

49. Dei vart mønstra av Moses på Herrens ord, kvar einskild til det han skulle gjera og bera. Dei vart mønstra slik Herren hadde pålagt Moses.

»