Logo
🔍

Profeten Obadja 1 N78NN

Domen over Edom

1. Dette er synene åt Obadja. Så seier Herren Gud om Edom: Ei tidend har vi høyrt ¬frå Herren, eit bod er sendt ut ¬mellom folka: «Stå opp, lat oss reisa oss ¬til strid mot Edom!»

2. Sjå, liten gjer eg deg ¬mellom folka, djupt vanvørd skal du vera.

3. Ditt hjartans hovmod ¬har narra deg, du som bur i bergrivner og har ditt tilhald i høgdene, du som tenkjer med deg sjølv: Kven kan støyta meg til jorda?

4. Om du byggjer høgt som ørna, ja, legg ditt reir ¬mellom stjernene, så vil eg støyta deg ned derifrå, lyder ordet frå Herren.

5. Om det kom tjuvar til deg eller røvarar om natta – å, kor du vert herja – ville dei då stela meir ¬enn dei trong? Om du hadde folk ¬til å hausta din vingard, så leivde dei vel ¬til ei ettersanking.

6. Å, kor dei har ransaka Esau, leita opp hans løynde skattar!

7. Dei du var i pakt med, driv deg heilt til grensa. Folk du hadde fred med, ¬har svikta deg; dei har fått overtaket på deg. Dei som åt av ditt brød, har sett snarer for deg og seier: «Det finst ikkje vit i han.»

8. Den dagen vil eg sanneleg rydja ut dei vise or Edom og dei kloke frå Esaus fjell, lyder ordet frå Herren.

9. Dine krigarar, Teman, ¬skal lamast av redsle, kvar einaste mann skal drepast og rydjast bort frå Esaus fjell.

10. For ditt valdsverk mot Jakob, ¬bror din, skal du sveipast i skam. Du skal rydjast ut for alltid.

11. Den dagen du heldt deg borte, den dagen framande ¬røva hans gods, då utlendingar gjekk inn ¬i hans port og kasta lodd om Jerusalem, då var du òg som ein av dei.

12. Du skulle ikkje ha sett ¬med glede på bror din då ulukka råka han, ikkje gledt deg over judearane den dagen dei gjekk til grunne, og ikkje bruka så store ord den tid dei var i naud.

13. Du skulle ikkje ha trengt inn i porten åt mitt folk ¬på ulukkedagen. Du skulle slett ikkje ¬ha gledt deg over det dei leid den dagen, og ikkje rett handa ut etter rikdomen deira den usæle dagen.

14. Du skulle ikkje ha stått ¬ved vegskila og hogge ned dei som prøvde ¬å koma unna, og ikkje gjeve i fiendehand dei som slapp frå det den dagen folket var i naud.

Israels atterreising

15. For Herrens dag er nær over alle folkeslag; som du har gjort, skal det gjerast med deg. Di åtferd kjem att ¬på ditt eige hovud.

16. Som de drakk ¬på mitt heilage fjell, skal kvart folkeslag ¬alltid drikka. Dei skal drikka i fulle drag og verta som om ¬dei aldri hadde vore til.

17. Men på Sion-fjellet ¬skal dei halda til, dei som har sloppe unna, og det skal vera ein heilagdom. Jakobs ætt skal ta att ¬sin eigedom.

18. Jakobs ætt skal verta ein eld og Josefs ætt ein loge. Men Esaus ætt ¬skal verta til halm, som vert sett i brann og øydd. Av Esaus ætt vert ingen att. Herren har tala.

19. Dei som bur i Negev, skal ta Esaus fjell til eige; og dei som bur i Sjefela, skal ta Filistarlandet. Dei skal leggja under seg Efraims-bygdene og Samaria-bygdene, og Benjamin skal ta Gilead.

20. Dei bortførte av Israels-hæren skal ta landet åt kanaanearane i eige heilt til Sarepta, og dei landlyste frå Jerusalem, som er i Sefarad, skal ta byane i Negev.

21. Dei som er berga, skal stiga opp på Sion-fjellet og halda dom over Esaus fjell-land. Og riket skal høyra Herren til.