Logo
🔍

Salomos ordspråk 1 N78NN

Ordtøka gjev visdom

1. Ordtøke av Salomo, son til David, konge i Israel.

2. Ordtøka gjev visdom ¬og lærdom, så ein skjønar vitug tale

3. og tek imot tukt ¬som gjev framgang, og lærer rettferd, rett ¬og ærlegdom.

4. Dei gjev den urøynde klokskap og ungdomen kunnskap ¬og omtanke.

5. Den vise som høyrer dei, ¬aukar sin lærdom, den vituge lærer ¬å styra sin tanke,

6. så han skjønar ordtak ¬og bilettale, ord av vismenn og ¬gåtene deira.

Gløym ikkje det du har lært!

7. Age for Herren ¬er opphav til kunnskap; dårar vanvørder ¬visdom og tukt.

8. Høyr etter når far din ¬formanar deg, son, og gløym ikkje det ¬som mor di har lært deg!

9. For det er ein fager krans ¬om ditt hovud, ei kjede som pryder din hals.

10. Fylg ikkje syndarar, son min, når dei lokkar deg,

11. når dei seier: ¬«Kom og ver med oss! Vi vil liggja på lur og drepa, setja feller for skuldlause ¬utan grunn.

12. Vi vil gløypa dei levande, ¬liksom dødsriket, la dei gå heilt til grunne lik dei som går i grav.

13. Alle slag dyre eigneluter ¬skal vi finna, fylla våre hus med røva gods.

14. Du skal få kasta lodd med oss ¬om dette, alle skal vi ¬ha same pengepungen.»

15. Son min, slå ikkje lag ¬med dei, hald foten din borte ¬frå deira stig!

16. Dei spring så lett ¬etter det som er vondt, og er snøgge til å renna ut blod.

17. Det nyttar ikkje ¬å spenna ut nettet så alle fuglane ser det.

18. Men slike menneske ¬lurer på sitt eige liv, dei set feller for seg sjølve.

Visdomen kallar til bot

19. Så går det alle ¬som jagar etter vinning, det tek livet av dei.

20. Visdomsmøya ropar høgt ¬på gata, lèt røysta si lyda på alle torg.

21. Midt i ståket ropar ho ut, tek til ords ¬i dei opne byportane:

22. Kor lenge skal de godtrune elska godtruenskapen? Kor lenge skal spottarane ha glede av å spotta og dårane hata kunnskap?

23. Vend dykk hit ¬når eg refser, så lèt eg mi ånd strøyma ¬ut over dykk og gjev dykk kjennskap ¬til mine ord.

24. De ville ikkje høyra ¬når eg ropa, og ingen ansa ¬at eg rette ut handa;

25. de brydde dykk ikkje ¬om mine råd og ville ikkje vita av ¬mine refsingsord.

26. Difor skal eg le ¬når ulukka råkar dykk, og spotta ¬når de vert slegne av redsle,

27. når redsla fer fram ¬som eit uver, når ulukka kjem som ¬ein storm, og de vert ute ¬for trengsle og naud.

28. Då ropar dei på meg, ¬men eg svarar ikkje; dei leitar etter meg, ¬men finn meg ikkje.

29. Fordi dei hata kunnskap og ikkje valde å ottast ¬Herren,

30. fordi dei ikkje ¬ville høyra på mitt råd og vanvørde ¬alle mine refsingsord,

31. difor skal dei få smaka ¬frukta av si åtferd og mettast med det ¬dei sjølve har planlagt.

32. Fråfallet kostar ¬dei godtrune livet, tryggleiken ¬tyner dårane.

33. Men den som høyrer på meg, ¬skal bu trygt og leva i fred ¬utan redsle for noko vondt.

»