Logo
🔍

Salomos ordspråk 10 N78NN

« På vitug manns lipper er visdom å finna

1. Ordtøke av Salomo. Ein klok son ¬er til glede for far sin, men ein uvitug son ¬er mor si til sorg.

2. Gagnlause er skattar ¬vunne med urett, men rettferd bergar frå døden.

3. Herren lèt ikkje ¬den rettferdige svelta, men seier nei ¬når dei gudlause krev.

4. Fattig vert den ¬som er lat i sitt arbeid, men strevsam hand gjer rik.

5. Klok er den som samlar i hus ¬om sommaren, skam får den ¬som søv i skurdonna.

6. Over hovudet ¬på den rettferdige kjem velsigning frå Herren, men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

7. Velsigna er minnet ¬om den rettferdige, men namnet åt dei gudlause ¬rotnar bort.

8. Klok er den ¬som tek boda til seg, men den som fer ¬med dumt snakk, fell.

9. Trygt går den ¬som er heil i si ferd, men den som går krokvegar, ¬vert gripen.

10. Den som blunkar listig ¬med auga, valdar skade, den som fer ¬med dumt snakk, fell.

11. Rettferdig manns munn ¬er ei kjelde til liv, men munnen åt gudlause ¬løyner vald.

12. Hat vekkjer strid og trette, men kjærleik løyner alle brot.

13. På vitug manns lipper ¬er visdom å finna, men stokken skal brukast ¬på ryggen åt den tankelause.

14. Dei vise samlar på kunnskap; når dåren talar, er ulukka nær.

15. Rikmanns gods ¬er hans faste borg, armod er ulukka for dei fattige.

16. Det den rettvise tener, gjev liv, det den gudlause vinn, ¬fører til synd.

17. Å akta på tukt ¬er ein veg til liv, den som vanvørder refsing, ¬går seg bort.

18. Den som løyner hat, ¬har falske lipper, ein dåre er den ¬som fer med slarv.

19. Den som talar mykje, ¬syndar lett, klok er den som tøymer tunga.

20. Rettferdig manns tunge ¬er som utvalt sølv, det dei gudlause tenkjer, ¬er ingenting verdt.

21. Rettferdig manns lipper ¬styrkjer mange, men dårar døyr, ¬for dei har ikkje vit.

22. Det er Herrens velsigning ¬som gjer rik, eige strev legg ingenting til.

23. Skamlaus gjerning ¬er til lyst for dåren, den vituge gleder seg ¬over visdom.

24. Det den gudlause reddast, ¬kjem over han, dei rettferdige får ¬det dei lengtar etter.

25. Når stormen fer fram, ¬vert den gudlause borte, rettvis mann ¬har ein grunnvoll som varer.

26. Som eddik for tennene ¬og røyk for augo er den late tenaren ¬for sin herre.

27. Age for Herren forlengjer livet, men gudlause menn ¬får færre år.

28. Rettferdige menneske ¬har glede i vente, men vona kverv ¬for dei gudlause.

29. Herrens veg ¬er eit vern for dei ærlege, men ugjerningsmenn ¬går til grunne der.

30. Den rettferdige ¬skal alltid stå støtt, men dei gudlause ¬får ikkje bu i landet.

31. Rettferdig manns munn ¬ber visdoms frukt, men falske tunger ¬skal skjerast av.

32. Den rettferdige veit ¬å velja høvande ord, falskt er alt ¬det dei gudlause seier.

»