Logo
🔍

Salomos ordspråk 11 N78NN

« Strev etter rettferd gjev liv

1. Falsk vekt er ein ¬styggedom for Herren, men han gleder seg ¬over fullvektige lodd.

2. Med hovmod fylgjer skam, men dei audmjuke har visdom.

3. Dei ærlege ¬har si rettvise til førar, men uærlegdom ¬gjer ende på svikarane.

4. Gods gagnar ikkje ¬på vreidedagen, men rettferd bergar frå døden.

5. Rettferd jamnar vegen ¬for ein heidersmann, den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap.

6. Dei ærlege vert berga ¬av si rettferd, svikarar vert fanga ¬av si eiga lyst.

7. Når den gudlause døyr, ¬er vona ute, dei vonde har ikkje noko godt ¬i vente.

8. Den rettferdige vert berga ¬or trengsle, men den gudlause kjem ¬i naud.

9. Den gudlause skader ¬sin neste med munnen, dei rettferdige bergar seg ¬med sitt skjøn.

10. Går det godt for dei rettvise, ¬jublar byen, går dei vonde til grunne, ¬er gleda stor.

11. Når dei ærlege velsignar, ¬kjem byen seg opp, talen åt dei gudlause ¬legg han i røys.

12. Tankelaus er den ¬som vanvørder sin neste, ein vitug mann teier stilt.

13. Den som baktalar, ¬spreier løyndomar, ein påliteleg mann ¬held saka for seg sjølv.

14. Eit folk utan klokt styre fell, når mange gjev gode råd, ¬kan det bergast.

15. Den som borgar ¬for ein framand, får svi for det, den som nektar å gje handslag, ¬er trygg.

16. Ei elskeleg kvinne vinn ære, dei strevsame ¬samlar seg rikdom.

17. Den som er velviljug, ¬har gagn av det, den som er hardhjarta, ¬skader seg sjølv.

18. Den gudlause vinn seg ¬ei sviktande løn, den som sår rettferd, ¬får ei løn som varer.

19. Strev etter rettferd gjev liv, jag etter vondskap ¬fører til døden.

20. Herren har uvilje mot dei ¬som fer med svik, men godhug for den ¬som er heil i si ferd.

21. Ver trygg, ¬den vonde slepp ikkje straff, men ætta åt dei rettferdige ¬går fri.

22. Som ein gullring ¬i eit grisetryne er ei fager kvinne utan vit.

23. Det dei rettferdige ynskjer, ¬fører til lukke, dei vonde har vreidedomen ¬i vente.

24. Éin strøyer ut ¬og får likevel meir, ein annan er gjerrig ¬og må endå lida naud.

25. Den som spreier velsigning, ¬trivst, den som livar opp andre, ¬vert oppliva sjølv.

26. Den som held på kornet, ¬får forbanning av folket, men velsigning kjem ¬over den som vil selja.

27. Den som strevar etter ¬det gode, søkjer det Herren synest om. Men den som legg vinn ¬på det vonde, han får det over seg sjølv.

28. Den som lit på sin rikdom, fell, dei rettferdige er ¬som lauvet når det sprett.

29. Den som ikkje steller sitt hus, ¬haustar vind, dåren må træla ¬for den som er vis.

30. Rettferds frukt ¬er som livsens tre, men valdsferd gjer ende på liv.

31. Når ein rettferdig mann ¬får si løn på jorda, kor mykje meir då ein niding ¬og syndar!

»