Logo
🔍

Salomos ordspråk 12 N78NN

« På rettferds stig er livet å finna

1. Den som elskar tukt, ¬elskar kunnskap, dum er den ¬som mislikar refsing.

2. Den som er god, ¬får nåde hjå Herren, men den som fer med svik, ¬vert dømd skuldig.

3. Med vondskap ¬står ingen støtt, men rota åt dei rettferdige ¬kan ingen rikka.

4. Dugande kone ¬er ei krone for mannen, duglaus kvinne ¬er som verk i hans bein.

5. Dei rettferdige tenkjer ¬på det som er rett, dei vonde ¬legg svikefulle planar.

6. Det dei gudlause talar, ¬er eit livsfarleg bakhald, dei ærlege vert berga ¬med det dei seier.

7. Dei gudlause vert kasta i koll ¬og kjem bort, men husa åt dei rettferdige ¬står støtt.

8. Ein mann får ros ¬når han er klok, den som tenkjer vrangt, ¬kjem i vanvørdnad.

9. Betre å arbeida ¬for sitt brød utan ære enn å spela storkar ¬og vanta mat.

10. Den rettferdige ¬har omsut for buskapen sin, men dei gudlause ¬er harde i hugen.

11. Den som dyrkar si jord, ¬kan eta seg mett, tankelaus er den som jagar ¬etter fåfengde ting.

12. Det dei gudlause har lyst til, ¬er eit vondskaps garn, men dei rettferdige har fast rot.

13. Svikefulle ord ¬vert ei felle for den vonde, den rettferdige slepp ut ¬or nauda.

14. Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram, eit menneske får att ¬for det det har gjort.

15. Dåren held sin eigen veg ¬for den rette, men vis er den ¬som høyrer på råd.

16. Når dåren er arg, ¬vert det kjent på dagen, klok er den som teier ¬når han vert krenkt.

17. Den som seier sanninga, ¬talar rett, falske vitne fer med svik.

18. Tankelaus tale stikk som sverd, men vismenn har lækjedom ¬på tunga.

19. Den som talar sant, ¬står seg for alltid, men lygnaren ¬berre ei lita stund.

20. Dei som emnar på vondt, ¬har svik i hjarta, men glede får dei ¬som rår til fred.

21. Dei rettvise ¬kjem ikkje ut for noko vondt, men dei gudlause ¬ber ulukka i seg.

22. Herren styggjest ved den ¬som har lygn på lippene, men har godhug for dei ¬som fer ærleg fram.

23. Ein klok mann døl det han veit, dåren ropar ut sin dårskap.

24. Den som er strevsam ¬med handa, får styra, men latskap gjer mannen ¬til træl.

25. Sorg og sut ¬gjer mannen tung om hjarta, men gode ord gjer han glad.

26. Den rettferdige rettleier ¬sin neste, men vegen dei gudlause går, ¬fører vilt.

27. Den late får ikkje tak i sitt vilt, men dyr er skatten ¬den annsame får.

28. På rettferds stig er livet å finna, den vegen fører ikkje ¬til døden.

»