Logo
🔍

Salomos ordspråk 13 N78NN

« Vismanns lære er ei kjelde til liv

1. Ein klok son ¬lèt seg aga av far sin, men spottaren høyrer ikkje ¬på skjenn.

2. Ein mann nyt godt ¬av det munnen ber fram, dei trulause trår etter vald.

3. Den som aktar sin munn, ¬tek vare på livet, den som er stor i munnen, ¬skader seg sjølv.

4. Den late vil ha, ¬men får ikkje noko, den annsame får ¬det han ynskjer seg.

5. Den rettvise hatar usann tale, den gudlause ber seg ¬stygt og skamlaust åt.

6. Rettferd vernar ¬den som er heil i si ferd, men gudløyse fører ¬ein syndar til fall.

7. Ein ter seg rik, ¬men har ingen ting, ein annan ter seg fattig, ¬men eig mykje.

8. Ein rik mann må kjøpa seg fri ¬med sin rikdom, ein fattig ¬kjem ikkje ut for trugsmål.

9. Ljoset åt dei rettferdige ¬skin klårt, men lampa åt dei gudlause ¬sloknar.

10. Hovmod fører berre til trette, kloke er dei som tek imot råd.

11. Lettvunnen rikdom ¬minkar snart, den som samlar litt etter litt, ¬får mykje.

12. Langvarig venting ¬gjer vondt i hjarta, som eit livsens tre ¬er eit oppfylt ynske.

13. Den som vanvørder ordet, ¬skader seg sjølv, den som ottast bodet, får løn.

14. Vismanns lære ¬er ei kjelde til liv, ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.

15. Den som har godt vit, ¬vinn velvilje, men svikarars veg ¬fører til ulukke.

16. Den som er klok, ¬fer fram med vit, men dåren lèt alle ¬sjå hans dårskap.

17. Ein gudlaus bodberar ¬fell i ulukke, med eit trufast sendebod ¬fylgjer lækjedom.

18. Armod og skam får den ¬som ikkje vil vita av tukt, men ære får den ¬som aktar på refsing.

19. Eit oppfylt ynske ¬gjer sjela godt, å vika frå vondskap ¬er ei gru for dårar.

20. Den som held lag ¬med vismenn, vert vis, men dårars ven går det ille.

21. Ulukke forfylgjer syndarar, dei rettferdige får lukke til løn.

22. Ein god mann lèt etter seg arv ¬til barneborn, men det syndaren eig, ¬er spart til den rettvise.

23. Fattigfolks nybrot ¬gjev rikeleg føde, men ho går tapt når uretten rår.

24. Den som sparer på riset, ¬hatar son sin, den som elskar han, ¬tuktar han tidleg.

25. Den rettvise får eta seg mett, men dei gudlause må gå ¬med magen tom.

»