Logo
🔍

Salomos ordspråk 14 N78NN

« Visdoms og dårskaps veg

1. Kvinnevisdom ¬byggjer huset, men dårskap ¬riv det ned med hendene.

2. Den som ferdast rett, ¬har age for Herren, den som går krokvegar, ¬vanvørder han.

3. Dårens munn ¬vert eit ris for hans hovmod, men for vismenn ¬er lippene eit vern.

4. Utan oksar er krubba tom, med sterke stutar ¬fylgjer stor avling.

5. Eit ærleg vitne lyg ikkje, men falske vitne fer med lygn.

6. Ein spottar søkjer visdom, ¬men finn han ikkje; for den som er klok, ¬er det lett å få kunnskap.

7. Hald deg borte ¬frå dumme menn, du finn ikkje vit ¬på lippene deira.

8. Det er klok manns visdom ¬at han kjenner sin veg, og dårars dårskap ¬at dei narrar seg sjølve.

9. Dårane spottar skuldofferet, men velvilje rår ¬mellom ærlege folk.

10. Hjarta kjenner si eiga sorg, og ingen annan ¬er med det i gleda.

11. Gudlause folk ¬får sitt hus lagt i øyde, men ærlege folk ¬ser teltet sitt bløma.

12. Om mannen meiner ¬at vegen er rett, kan han likevel enda i døden.

13. Jamvel når ein ler, ¬kan hjarta lida, og gleda endar ofte med sorg.

14. Den fråfalne får att for si ferd, og ein god mann ¬held seg borte frå han.

15. Ein godtruen mann ¬trur alt som vert sagt, den kloke gjev akt på sine steg.

16. Den vise ottast ¬og skyr det vonde, dåren går på ¬og kjenner seg trygg.

17. Den som er bråsint, ¬gjer dumme ting, den som tenkjer seg om, ¬vert mislikt.

18. Det dei godtrune får, ¬er dårskap, men dei kloke vert krona ¬med kunnskap.

19. Dei vonde må bøya seg ¬for dei gode, dei gudlause står ved dørene ¬åt dei rettferdige.

20. Jamvel av vener ¬vert den fattige hata, men mange er dei ¬som elskar den rike.

21. Synd gjer den ¬som vanvørder sin neste, sæl er den som har medynk ¬med armingar.

22. Dei som tenkjer ut vondt, ¬fer vilt, dei som har godt i tankar, ¬møter miskunn og truskap.

23. Alt strev fører vinning ¬med seg, men tomt snakk gjev berre tap.

24. Dei vise vert krona ¬med rikdom, dårars dårskap ¬er alltid dårskap.

25. Eit ærleg vitne bergar liv, men ein svikar er den ¬som fer med lygn.

26. Den som ottast Herren, ¬har eit trygt vern, og for hans born er det livd.

27. Age for Herren ¬er ei kjelde til liv, ei hjelp som bergar ¬frå dødens snarer.

28. Mykje folk ¬er ei ære for kongen, men for lite folk ¬gjer at fyrsten fell.

29. Visleg mann har godt skjøn, bråsinne er den største ¬dårskap.

30. Ro i hugen gjev kroppen liv, lidenskap er som rotenskap ¬i bein.

31. Den som er hard ¬med ein arming, spottar hans skapar, den som er mild mot dei ¬fattige, ærar Gud.

32. Den gudlause fell ¬for sin eigen vondskap, i sin ærlegdom ¬finn den rettferdige livd.

33. I klok manns hjarta ¬finn visdomen ro, men hjå dårar ¬gjev han seg til kjenne.

34. Rettferd lyfter eit folk, men synd er ei skam for folka.

35. Kongen likar den kloke tenar, men harmast på den ¬som skjemmer seg ut.

»