Salomos ordspråk 15 N78NN
1. Eit mildt svar ¬døyver sinne, sårande ord vekkjer vreide.
2. Vismenns tunge ¬gjev god kunnskap, men dårskap strøymer ¬frå dårars munn.
3. Herrens augo er alle stader, dei vaker over vonde ¬og gode.
4. Ei varsam tunge ¬er eit livsens tre, men lygn på tunga ¬gjev hjartesår.
5. Dåren vanvørder ¬formaning frå far sin, klok er den ¬som aktar på refsing.
6. I rettferdig manns hus ¬er det stor rikdom; det den gudlause vinn, ¬går tapt.
7. Vismenns lipper ¬strøyer ut kunnskap, men dårens hjarta er ikkje rett.
8. Offer frå dei gudlause ¬er ein styggedom for Herren, men bøn frå dei ærlege ¬tek han vel imot.
9. Det den gudlause gjer, ¬er ein styggedom for Herren, men han elskar dei ¬som jagar etter rettferd.
10. Hard tukt får den ¬som vik av frå stigen, den som hatar refsing, må døy.
11. Dødsrike og avgrunn ¬ligg opne for Herren, kor mykje meir ¬då menneskehjarta.
12. Spottaren mislikar refsing, til dei vise går han ikkje.
13. Glede i hjarta gjer andletet ljost, men hjartesorg gjer motlaus.
14. Vitug mann søkjer kunnskap, men dårar fer berre ¬med dårskap.
15. For ein arming ¬er dagane vonde, men gladlyndt mann ¬har alltid gjestebod.
16. Betre er lite med otte ¬for Herren enn stor rikdom med uro attåt.
17. Betre er ein grønsakrett ¬med kjærleik enn oksesteik med hat attåt.
18. Bråsint mann ¬valdar strid og trette, den langmodige ¬får striden til å stilna.
19. For den late er vegen ¬som eit klungergjerde, men jamn er stigen ¬for dei ærlege.
20. Ein klok son ¬er til glede for far sin, ein dum mann ¬vanvørder mor si.
21. Den tankelause ¬har glede av dårskap, den vituge går beint fram.
22. Utan rådlegging ¬mislukkast planane, men når mange gjev råd, ¬har dei framgang.
23. Mannen gled seg ¬når munnen kan svara. Kor godt med eit ord i rette tid!
24. For den kloke ¬fører livsvegen oppover, og då slepp han unna ¬dødsriket der nede.
25. Herren riv huset ned ¬for dei hovmodige, enkjer lèt han få ha si jord.
26. Vonde tankar ¬er ein styggedom for Herren, men milde ord er reine.
27. Den som jagar etter vinning, ¬set huset over styr, men den som hatar muter, ¬får leva.
28. Den rettferdige tenkjer seg om ¬før han talar, men vondskapen strøymer ¬frå munnen på gudlause.
29. Herren er langt borte ¬frå dei vonde, men han høyrer bøna ¬åt dei rettferdige.
30. Lysande augo gjer hugen glad, god bodskap gjev merg i bein.
31. Når ein høyrer på refsing ¬som tener livet, held ein gjerne lag med dei vise.
32. Den som avviser tukt, ¬vanvørder seg sjølv, den som høyrer på refsing, ¬får godt skjøn.
33. Age for Herren ¬manar til visdom, føre ære går audmykt.