Logo
🔍

Salomos ordspråk 16 N78NN

« Lat Herren ta seg av alt ditt verk!

1. Mennesket legg planar, men ordet på tunga ¬kjem frå Herren.

2. Ein mann kan synast ¬at hans ferd er rein, men Herren prøver ¬menneskeånda.

3. Lat Herren ta seg av ¬alt ditt verk, så skal planane dine lukkast.

4. Alt det Herren har skapt, ¬har eit føremål, gudløysings lagnad ¬er ulukkedagen.

5. Kvar hovmodig mann ¬er ein styggedom for Herren. Ver trygg, ¬han slepp ikkje straff!

6. Med miskunn og truskap ¬vert synda sona, den som har age for Herren, ¬held seg frå det vonde.

7. Har Herren hugnad ¬i ein manns ferd, lèt han jamvel hans fiendar ¬halda fred med han.

8. Betre er lite med rettferd enn stor vinning med urett.

9. I hjarta tenkjer mannen ¬ut si ferd, men Herren styrer hans steg.

10. Det er kongens ord ¬som avgjer ei sak, han tek ikkje feil ¬når han dømer.

11. Rett vekt og vektskål ¬krev Herren, og alle vektlodd vedkjem han.

12. Nidingsdåd ¬er ein styggedom for kongar, rettferd tryggjer trona.

13. Kongen likar rettferdige ¬lipper, han elskar den som talar rett.

14. Kongens harme ¬ber bod om død, men ein vismann ¬kan stilla harmen.

15. Når kongens andlet lyser, ¬er livet berga. Hans velvilje ¬er som ei sky med vårregn.

16. Å vinna visdom ¬er betre enn gull, å få vit er meir verdt enn sølv.

17. Den kongsveg dei ærlege går, ¬er å vika frå det vonde, den som aktar på si ferd, ¬tek vare på livet.

18. Stormod fører til undergang, hovmod står for fall.

19. Betre å vera audmjuk ¬med armingar enn å dela hærfang ¬med dei stolte.

20. Den som aktar på ordet, ¬finn lukke, sæl er den som lit på Herren.

21. Klok kallar dei den ¬som har visdom i hjarta, veltalande ord ¬aukar eins lærdom.

22. Den som har skjøn, ¬har ei kjelde til liv, dårskap er den lærdom ¬dårar får.

23. Visdom i hjarta ¬gjev klokskap i tale, ein får meir og meir kunnskap ¬å bera fram.

24. Milde ord ¬er som drypande honning, søte for sjela ¬og sunne for kroppen.

25. Om mannen meiner ¬at vegen er rett, kan han likevel enda i døden.

26. Svolten får mannen ¬til å arbeida, mathugen driv han fram.

27. Nidingen grev ei ulukkegrav, det brenn som eld ¬på hans lipper.

28. Ein renkesmed skaper strid, den som baktalar andre, ¬skil ven frå ven.

29. Valdsmannen lokkar sin neste og fører han inn ¬på ein farleg veg.

30. Når ein mann knip augo i hop, tenkjer han på ¬svikefull gjerning; og når han ¬pressar lippene saman, set han ulukka i verk.

31. Grått hår er ein fager krans, på rettferds veg ¬vert han vunnen.

32. Ein visleg mann ¬er betre enn ei kjempe; den som styrer sin hug, er betre enn den ¬som tek ein by.

33. Dei rister terningen i fanget, men avgjersla ¬kjem alltid frå Herren.

»