Logo
🔍

Salomos ordspråk 19 N78NN

« Den som held bodet, tek vare på livet

1. Betre å vera fattig ¬og heil i si ferd enn å vera ein dåre ¬som talar lygn.

2. Jamvel iver er gagnlaus ¬når det vantar vit, og den som har hastverk, ¬trør feil.

3. Ein manns dårskap ¬fører han til fall, men i sitt hjarta ¬er han harm på Herren.

4. Den som er rik, ¬får mange vener, men den fattige ¬misser den venen han har.

5. Falske vitne slepp ikkje straff, dei som fer med lygn, ¬går ikkje fri.

6. Mange smeikjer for dei store, alle er vener med dei rause.

7. Fattigmanns frendar ¬hatar han alle, jamvel venene held seg borte. Han vil vinna dei med ord, ¬men dei kjem ikkje.

8. Den som vinn seg skjøn, ¬har livet kjært, den som tek vare på vitet, ¬finn lukka.

9. Falske vitne slepp ikkje straff, dei som fer med lygn, ¬går til grunne.

10. Det høver ikkje for dåren ¬å ha gode dagar, enn mindre for trælen ¬å rå over fyrstar.

11. Klokskap gjer mennesket ¬langmodig, å tola urett ¬er ei ære for mannen.

12. Kongens vreide ¬er som løvebrøl, hans velvilje ¬er som dogg i graset.

13. Ein uvitug son ¬er ei ulukke for far sin, kvinnetrette ¬er som si-drop frå taket.

14. Hus og gods er fedrearv, ei vitug kone ¬er ei gåve frå Herren.

15. Latskap svæver tungt i svevn, og letingen må svelta.

16. Den som held bodet, ¬tek vare på livet, den som ikkje vørder si åtferd, ¬må døy.

17. Den som hjelper ein arming, ¬låner til Herren, og Herren løner han ¬for hans velgjerning.

18. Tukta son din ¬medan det enno er von, men lat deg ikkje riva med ¬så du drep han.

19. Den som lèt sinnet ta makta, ¬må bøta; vil du hjelpa han, ¬må du gjera det atter og atter.

20. Høyr på råd ¬og ta imot formaning, så vert du vis til slutt.

21. I mannens hjarta ¬er det mange tankar, men Herrens plan står fast.

22. Det ein ventar av mennesket, ¬er truskap; det er betre å vera fattig ¬enn å fara med lygn.

23. Age for Herren fører til liv; mett kan ein gå til nattekvile og kjem ikkje ut for noko vondt.

24. Den late stikk handa i fatet, men får henne ikkje opp ¬til munnen eingong.

25. Slår du ein spottar, ¬vert styvingen klok, refser du den vituge, ¬får han større skjøn.

26. Den som er hard med far sin ¬og jagar bort mor si, er ein ring og skamlaus son.

27. Hald opp med å høyra ¬på formaning, son, så går du glipp av ¬dei ord som gjev kunnskap.

28. Eit svikefullt vitne ¬spottar retten, munnen på gudlause ¬gløyper vondskap.

29. Straff er fastsett ¬for dei som spottar, og pryl for ryggen på dårar.

»