Logo
🔍

Salomos ordspråk 2 N78NN

« Det er Herren som gjev visdom

1. Son min, ta imot mine ord, og ta vare på mine bod,

2. så du vender øyra til visdomen og freistar å skjøna ¬med heile din hug.

3. Ja, berre kall på vitet, og rop etter skjøn ¬med høg røyst!

4. Leit etter det som var det sølv, grundig som når ein grev ¬etter skattar.

5. Då skal du skjøna ¬kva gudsfrykt er, og vinna kjennskap til Gud.

6. For det er Herren ¬som gjev visdom, frå hans munn ¬kjem kunnskap og skjøn.

7. Han lèt dei ærlege ¬ha framgang, er eit skjold for den ¬som er heil i si ferd.

8. Han vernar dei stigar ¬der retten rår, og vaktar vegen ¬for sine trugne.

9. Då skal du skjøna deg ¬på rettferd og rett, på rettvise og all god framferd.

10. For du skal få visdom i hjarta, og kunnskap ¬skal gjera deg glad.

11. Ettertanke skal vakta deg og godt skjøn verna deg.

12. Det skal berga deg ¬frå den vonde vegen, frå folk som fer ¬med rang tale,

13. frå dei som går bort ¬frå dei rette stigar og held seg til mørke vegar.

14. Dei gleder seg ¬når dei gjer vondt, og fegnast over ¬det vonde og vrange.

Eit vern mot utruskap

15. Dei ferdast på krokete stigar, går seg bort på sine vegar.

16. Visdom skal fria deg ¬frå annan manns kone, frå framand kvinne ¬som lokkar så fint,

17. ho som har svike ¬sin ungdoms ven og gløymt den lovnad ¬ho gav sin Gud.

18. Huset hennar ¬sig ned til dødsriket, vegen hennar ¬fører ned til dei døde.

19. Dei som går inn til henne, ¬kjem aldri att, dei når ikkje fram ¬til livsens stigar.

20. Men visdom ¬skal hjelpa deg til å fylgja den vegen ¬der dei gode går, og halda deg på stigar der dei rettferdige ferdast.

21. For dei rettvise ¬skal bu i landet, dei ærlege skal få vera der.

22. Men dei gudlause ¬skal rydjast ut og svikarane rivast bort ¬frå landet.

»