Logo
🔍

Salomos ordspråk 20 N78NN

« Rettferdig er den som er heil i si ferd

1. Vinen er ein spottar, den sterke drikk ¬ein bråkmakar, ingen som ragar av dei, er vis.

2. Når kongen trugar, ¬er det som løvebrøl, den som vekkjer hans vreide, ¬set livet på spel.

3. Å halda seg frå trette ¬er ei ære for mannen, men kvar dåre yppar strid.

4. Den late vil ikkje pløya ¬om hausten, i skurdonna leitar han ¬fåfengt etter grøde.

5. Som djupt vatn ¬er tankane i mannens hjarta, den som har vit, ¬kan ausa av dei.

6. Mange ropar ¬om sin eigen truskap, men kvar finst vel ¬ein påliteleg mann?

7. Rettferdig er den ¬som er heil i si ferd, og lukkelege er borna ¬etter han.

8. Ein konge som sit ¬i domarsetet, skil ut alt vondt ¬med eit augnekast.

9. Kven kan seia: «Eg har reinsa hjarta, eg er fri for synd»?

10. To slag vekt og to slag mål er begge ein styggedom ¬for Herren.

11. Alt guten syner i si ferd om livet hans vert reint og rett.

12. Øyra som høyrer, ¬og auga som ser, er begge skapte av Herren.

13. Er du glad i å sova, ¬då vert du fattig, opnar du augo, ¬får du deg mat.

14. «Ringt, ringt,» seier kjøparen, men skryter av handelen ¬når han går bort.

15. Det finst gull og perler ¬i mengd, men å tala med kunnskap ¬er ein kosteleg ting.

16. Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan, ta pant hjå han for framande!

17. Godt smakar brød ¬som er vunne med svik, men sidan fyllest munnen ¬med småstein.

18. Når ein held råd, ¬lukkast planane; vis omtanke når du fører krig!

19. Den som baktalar, ¬spreier løyndomar, gjev deg aldri i snakk ¬med ein lausmunna kar!

20. Den som forbannar ¬far sin og mor si, hans lampe skal slokna ¬i tjukkaste mørkret.

21. Ein arv som ein altfor tidleg riv ¬til seg, gjev inga velsigning til slutt.

22. Sei ikkje: «Eg vil løna ¬vondt med vondt.» Venta på Herren, ¬så hjelper han deg!

23. To slag lodd ¬er ein styggedom for Herren, falsk vekt er av det vonde.

24. Det er Herren ¬som styrer mannens steg. Korleis kan mennesket ¬skjøna sin veg?

25. Det er farleg ¬å lova ei heilag gåve og fyrst sidan tenkja seg om.

26. Den vise kongen ¬skil ut dei gudlause og lèt hjulet rulla over dei.

27. Ånda i mennesket ¬er ei Herrens lampe, ho ransakar alle kammer ¬i hjarta.

28. Godleik og sanning ¬er eit vern om kongen, han stør sin kongsstol ¬på truskap.

29. Styrke er ein prydnad ¬for ungdom, og grått hår ei ære ¬for den gamle.

30. Flengjer og slag ¬som sårar den vonde, reinsar hans hjartekammer.

»