Salomos ordspråk 21 N11NN
1. Kongens hjarte er rennande vatn i Herrens hand; han leier det dit han vil.
2. Ein mann kan synast at all hans ferd er rett, men Herren prøver hjarta.
3. Å gjera det som er rett og rettferdig, er meir verdt for Herren enn offer.
4. Stolte auge og hovmodig hjarte – lyset til dei urettferdige er synd.
5. Det den flittige planlegg, gjev vinning, men hastverk fører berre til tap.
6. Å skaffa seg skattar ved ei tunge som lyg, er ein flyktig pust hos dei som søkjer døden.
7. Lovlause blir drivne bort av si eiga valdsferd, for dei nektar å gjera det som er rett.
8. Skuldtyngd mann går krokete vegar, den som er rein, handlar rett.
9. Betre å bu i ein krok på taket enn å vera i hus med trettekjær kvinne.
10. Den lovlause har lyst til det vonde, han viser ingen nåde mot sin neste.
11. Når ein spottar får straff, blir den vitlause klok, når ein vis får lærdom, tek han kunnskapen til seg.
12. Den rettferdige legg merke til den lovlauses hus; han støyter dei urettferdige ut i ulukke.
13. Den som stengjer sitt øyre når den fattige skrik, skal sjølv ropa utan å få svar.
14. Ei gåve i løyndom mildnar vreide, stikkpengar i lomma stiller stor harme.
15. At ein gjer det rette, er ei glede for den rettferdige, men ei gru for dei som gjer urett.
16. Den som villar seg bort frå klokskaps veg, hamnar blant daudingar.
17. Den som elskar fest, blir fattig, den som elskar vin og olje, blir aldri rik.
18. Den urettferdige er løysepenge for den rettferdige og svikaren for dei rettskafne.
19. Betre å bu i ørkenlandet enn med ei sint og trettekjær kvinne.
20. Dyre skattar og olje finst der den vise bur, dåren sløser bort alt.
21. Den som jagar etter rettferd og godleik, finn liv og rettferd og ære.
22. Ein klok mann kan storma ein by full av heltar og bryta byens sikre vern.
23. Den som aktar sin munn og si tunge, bergar sitt liv frå trengsler.
24. Den frekke og stolte skal kallast ein spottar, hovmodig og frekt fer han fram.
25. Det den late ønskjer, fører til død, for han vil ikkje arbeida med hendene.
26. Han ønskjer og ønskjer dagen lang, men den rettferdige gjev og sparer ikkje.
27. Avskyeleg er offer frå urettferdige, og endå meir når dei ber det fram med vondt i tankar.
28. Eit falskt vitne går til grunne, men den som høyrer etter, vil alltid få ordet.
29. Den urettferdige går med frekk mine, den rettskafne er stø i si ferd.
30. Ingen visdom, inga innsikt eller råd kan stå seg framfor Herren.
31. Hesten blir gjord klar til stridens dag, men det er Herren som gjev siger.