Logo
🔍

Salomos ordspråk 21 N78NN

« Den rettvise er fast og stø i si åtferd

1. Som rennande bekker er kongens hjarta ¬i Herrens hand; han leier det dit han vil.

2. Ein mann kan synast ¬at all hans ferd er rett, men Herren prøver ¬menneskehjarto.

3. At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren ¬enn offer.

4. Stolte augo ¬og hovmodig hjarta, ljoset åt dei gudlause, er synd.

5. Det den annsame tek seg føre, ¬gjev vinning, men hastverk fører berre til tap.

6. Den rikdom ein vinn ¬med lygn, er ein kvervande pust, og han fører til døden.

7. Dei vonde vert bortrivne ¬av si eiga valdsferd, for dei vil ikkje gjera ¬det som er rett.

8. Skuldtyngd mann ¬går krokete vegar, men den reine fer ærleg fram.

9. Betre å bu i ein krok på taket enn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne.

10. Den gudlause har hug ¬til det vonde, hans neste finn ingen velvilje ¬hjå han.

11. Når ein spottar må bøta, ¬vert den urøynde klok, og lærer du ein vis, ¬tek han kunnskapen til seg.

12. Den rettferdige aktar ¬på gudløysings hus, han støyter dei vonde ¬ut i ulukke.

13. Den som stengjer sitt øyra ¬når armingen skrik, skal sjølv måtta ropa ¬og ikkje få svar.

14. Ei gåve i løyndom ¬mildnar vreide, det ein får i fanget, ¬stiller stor harme.

15. For den rettferdige ¬er det ei glede å gjera det rette, men for ugjerningsmannen ¬er det ei gru.

16. Den som villar seg bort ¬frå klokskaps veg, han hamnar ¬mellom daudingar.

17. Den som likar moro, ¬må sakna mangt, den som elskar vin og olje, ¬vert aldri rik.

18. Den gudlause vert gjeven til løysepengar ¬for den rettferdige, og svikaren kjem ¬i staden for den ærlege.

19. Betre å bu i eit øyde land enn hjå arg ¬og trettekjær kvinne.

20. Der dei vise bur, ¬er det dyre skattar og olje, men dåren øyder det opp.

21. Den som jagar etter rett ¬og truskap, finn liv og rettferd og ære.

22. Ein klok mann kan storma ¬ein by full av kjemper og bryta det vernet ¬dei sette si lit til.

23. Den som aktar sin munn ¬og si tunge, bergar sitt liv ¬frå naud og trengsle.

24. Den stolte og kaute ¬kallar dei spottar; han er skamlaus og frekk ¬i si framferd.

25. Det den late ynskjer, ¬fører til døden, for han vil ikkje arbeida ¬med sine hender.

26. Heile dagen går han ¬med lyst og trå, den rettvise gjev ¬og er ikkje knuslet.

27. Ein styggedom er det ¬når dei gudlause ofrar, serleg når dei gjer det ¬med vondt i tankar.

28. Det falske vitnet fell igjennom, men det truverdige vitnet ¬vert alltid høyrt.

29. Den gudlause går der ¬med frekk mine, den ærlege er fast og stø ¬i si ferd.

30. Det finst ikkje visdom og skjøn og ingen plan ¬som hjelper mot Herren.

31. Hesten vert budd ¬til stridens dag, men det er Herren ¬som gjev siger.

»