Logo
🔍

Salomos ordspråk 22 N78NN

« Lær guten den vegen han skal gå!

1. Godt namn er meir verdt ¬enn stor rikdom; å vera avhalden ¬er betre enn sølv og gull.

2. Rike og fattige møtest, Herren har skapt dei alle.

3. Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg, dei godtrune går på og ¬må bøta.

4. Den løn som gudsfrykt ¬og audmykt gjev, er rikdom og ære og liv.

5. På vegen der dei svikefulle går, ¬er klunger og snarer, den som vil berga livet, ¬held seg borte frå dei.

6. Lær guten den vegen ¬han skal gå, så vik han ikkje av ¬når han vert gamal.

7. Rikmenn rår over fattige, den som låner, må træla ¬for den som gjev lån.

8. Den som sår urett, ¬haustar vondskap, riset han brukar i sinne, ¬tek slutt.

9. Velsigning får den ¬som er god mot andre, for han deler sitt brød ¬med dei fattige.

10. Jag spottaren ut, ¬så går tretta med, og den skamlause striden ¬får ein ende.

11. Herren elskar ¬dei som har eit reint hjarta, den som talar med velvilje, ¬får kongen til ven.

12. Herrens augo vaktar ¬den som har kunnskap, men svikarens ord ¬gjer han maktlause.

13. Den late seier: ¬«Det er ei løve der ute, ho kunne drepa meg ¬midt på gata!»

14. Munnen til framand kvinne ¬er ei djup grav, den Herren er harm på, ¬fell nedi.

15. Vitløyse høyrer ungguten til, men tukteriset ¬driv henne bort.

Gode og kloke råd

16. Den som er hard ¬med armingen, ¬aukar hans eige, gåver til den rike ¬gjev berre tap.

17. Vend øyra til ¬og høyr vismenns ord, rett din hug ¬mot den kunnskap eg gjev.

18. Det er godt ¬om du gøymer dei i hjarta og alltid har dei på lippene.

19. For at du skal setja ¬di lit til Herren, forkynner eg dei for deg i dag.

20. Ja, tretti ord ¬har eg skrive opp for deg med gode og kloke råd.

21. Eg vil læra deg ¬sanne og rette ord, så dei som har sendt deg, ¬får pålitelege svar.

22. Ran ikkje ein fattigmann ¬fordi han er fattig, og trø ikkje ned ¬ein stakkar i retten!

23. For Herren vil føra deira sak og ta livet av deira ransmenn.

24. Ver ikkje ven ¬med ein sinnatagg, og slå ikkje lag ¬med bråsint mann,

25. så du ikkje skal venja deg ¬til hans vegar og setja ei felle for ditt liv.

26. Ver ikkje mellom dei ¬som gjev handslag og borgar for folk ¬som har gjeld.

27. Når du ikkje har noko ¬å betala med, kvifor skal dei då ¬ta senga du ligg på?

28. Flytt ikkje gamle merkesteinar som fedrane dine har reist.

29. Ser du ein mann ¬som er dugande i sitt arbeid? Han kan ta teneste hjå kongar og skal ikkje tena ¬hjå småkårsfolk.

»