Logo
🔍

Salomos ordspråk 23 N78NN

«

1. Når du sit til bords ¬med ein mektig mann, så merk deg vel ¬kva du har framføre deg,

2. og set ein kniv på strupen din om mathugen er for stor.

3. Ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter, for det kan vera svikefull kost.

4. Streva ikkje etter å verta rik når du då må gje opp ¬ditt gode skjøn.

5. Når du ser etter rikdomen, ¬er han borte; brått har han fått seg venger og flyg til vers som ei ørn.

6. Et ikkje brød ¬hjå den som misunner, ha ikkje lyst ¬på hans velsmakande retter!

7. For han er ein mann ¬med baktankar. Han seier nok til deg: ¬«Et og drikk,» men hjarta hans ¬er ikkje med deg.

8. Den beten du har ete, ¬må du kasta opp att, dine venlege ord er spilt møde.

9. Du skal ikkje tala til ein dåre, for han vanvørder ¬dine kloke ord.

10. Flytt ikkje gamle merkesteinar, og treng ikkje inn ¬på jorda åt farlause!

11. For deira løysingsmann ¬er sterk, han skal føra saka ¬dei har med deg.

12. Ver viljug ¬til å høyra på formaning, og lyd på kloke ord!

13. Lat ikkje guten vera utan tukt! Gjev du han ris, ¬skal han ikkje døy.

14. For når du slår han med riset, bergar du han frå dødsriket.

15. Son min, har du visdom ¬i hjarta, vert eg òg inderleg glad.

16. Det jublar inni meg når du talar det som er rett.

17. Ver ikkje arg på syndarar, men streva alltid ¬etter gudsfrykt!

18. Gjer du det, ¬har du ei framtid, og di von er ikkje ute.

19. Høyr no, son min, og vert vis, styr dine tankar ¬den rette vegen!

20. Ver ikkje med ¬mellom vindrikkarar, mellom dei ¬som fyller buken med kjøt.

21. For den som et og drikk, ¬vert fattig, og rusen kler folk i filler.

22. Høyr på far din, ¬som gav deg livet, og vanvørd ikkje ¬di gamle mor!

23. Kjøp sanning ¬og sel henne ikkje, kjøp visdom og tukt og vit!

24. Far til den rettferdige ¬kan sanneleg jubla, den som får ein klok son, ¬vert glad.

25. Ver til glede ¬for far din og mor di, lat ho som fødde deg, ¬fegnast.

26. Son min, gjev meg hjarta ditt, bruk augo og akta ¬på mine vegar!

27. Ei skjøkje er som ei djup grav, ei framand kvinne ¬som ein trong brunn.

28. Ja, ho ligg på lur som ein røvar, og aukar talet ¬på trulause menn.

29. Kven ropar akk, ¬og kven ropar ve, kven har strid, ¬og kven må klaga? Kven har utan grunn fått sår, og kven har sløve augo?

30. Jau, dei som sit lenge oppe ¬og drikk, dei som kjem ¬og vil smaka på kryddevinen.

31. Sjå ikkje på vinen, ¬kor raud han er, kor fint han blenkjer i staupet, og kor lett han renn ned.

32. Sistpå bit han som ein slange og høgg som ein hoggorm.

33. Då ser augo dine ¬underlege ting, og du talar tull og tøv.

34. Det er som låg du ¬midt utpå havet, eller klengde deg ¬til mastetoppen.

35. «Dei slo meg, ¬men det gjorde ikkje vondt; dei banka meg, ¬men eg kjende det ikkje. Når skal eg vakna or rusen? Då vil eg få tak i meir vin.»

»