Logo
🔍

Salomos ordspråk 25 N78NN

« Det gjeld å styra sin hug

1. Dette er òg ordtøke av Salomo; dei er samla av mennene til Hiskia, Juda-kongen.

2. Det er Guds ære å dølja ei sak, men kongars ære ¬å granska henne.

3. Himmelhøgd og jordedjup og kongars hjarta ¬kan ingen granska.

4. Skil slagget frå sølvet, så kan sølvsmeden laga ¬ei skål av det.

5. Før dei gudlause bort ¬frå kongen, så står hans kongsstol fast ¬ved rettferd.

6. Gjer deg ikkje til ¬når kongen ser på, og stig ikkje fram ¬på stormenns plass!

7. For det er betre ¬dei seier til deg: «Kom og set deg her oppe!» enn at dei flytter deg ned ¬for ein hovding. Kva du så ser med eigne augo,

8. ver ikkje for snar ¬til å reisa sak! For kva vil du gjera til sist når nesten din ¬fører skam over deg?

9. Før di sak med nesten din, men ber ikkje ut ¬annan manns løyndom!

10. Elles vil den som høyrer det, ¬spotta deg, og du får for alltid ¬uord på deg.

11. Som eple av gull i skåler ¬av sølv er ord ein talar i rette tid.

12. Som ein ring av gull, ¬ja, eit smykke av fint gull er den vise som refser ¬ein mann som vil høyra.

13. Som svalande snø ¬ein dag i skurden er ein påliteleg bodberar ¬for sin herre, han gjev mot og kraft ¬til den som har sendt han.

14. Lik skyer og vind ¬som ikkje gjev regn, er den som skryter av å gje, ¬men ikkje gjer det.

15. Med tolmod ¬vert hovdingen overtald, den milde tunga knuser bein.

16. Finn du honning, så et ikkje ¬meir enn du treng; elles vert du for mett ¬og spyttar han ut.

17. Set sjeldan foten ¬i huset åt ein ven, elles vert han lei deg ¬og legg deg for hat.

18. Som hamar og sverd ¬og kvasse pil er den som vitnar rangt ¬mot sin neste.

19. Som roten tann og ustø fot er tillit til ein svikar ¬på trengselsdagen.

20. Å syngja for den ¬som er sorgfull, er som å kasta kappa ¬ein vinterdag eller som å slå eddik på natron.

21. Er din uven svolten, ¬så lat han få mat, er han tyrst, ¬så gjev han drikke!

22. Då samlar du gloande kol ¬på hans hovud, og Herren skal løna deg for det.

23. Nordavinden kjem med regn, med baktale fylgjer ¬sinte andlet.

24. Betre å bu i ein krok på taket enn å vera i hus ¬med trettekjær kvinne.

25. Som kaldt vatn ¬for ein tyrstande strupe er godt nytt frå framandt land.

26. Som grumset kjelde ¬og utskjemd brunn er ein rettvis mann som ¬gjev etter for ein gudlaus.

27. Å eta for mykje honning ¬er ikkje godt; ver sparsam med rosande ord!

28. Lik ein øydelagd by ¬med nedriven mur er ein mann ¬som ikkje kan styra sin hug.

»