Logo
🔍

Salomos ordspråk 27 N78NN

« Ein ven er trufast

1. Rosa deg ikkje ¬av morgondagen, for du veit ikkje ¬kva han ber i sitt fang.

2. Ein annan skal rosa deg, ¬ikkje du sjølv, ein framand, ¬ikkje dine eigne lipper.

3. Steinen er tung, ¬og sand veg mykje, men tyngre er det ¬å vera arg på ein dåre.

4. Harmen er ei gru ¬og vreiden ein flaum, men kven kan stå seg ¬mot avundsykje?

5. Betre er openberr refsing enn kjærleik ¬som ein held duld.

6. Ein ven er trufast ¬jamvel når han slår, men fiendens kyss ¬er svikefulle.

7. Den mette vrakar ¬den finaste honning, alt beiskt smakar søtt ¬for den svoltne.

8. Lik ein sporv som flyg ikring ¬langt ifrå reiret, er ein mann som flakkar om ¬borte frå heimen.

9. Olje og røykjelse ¬gleder hjarta, så òg ein vens kjærleik meir enn gode råd.

10. Gjev ikkje slepp på din ven og på venen åt far din; gå ikkje heim til bror din ¬den dagen du er i naud. Ein granne ¬som bur tett attmed, er betre enn ein bror ¬langt borte.

11. Ver klok, son min, ¬og gled mitt hjarta, så eg kan svara ¬dei som spottar meg.

12. Den kloke ser ulukka koma ¬og gøymer seg, dei godtrune går på og ¬må bøta.

13. Ta kleda frå den ¬som har borga for ein annan, ta pant hjå han ¬for framand kvinne.

14. Når nokon med høg røyst velsignar sin neste ¬tidleg om morgonen, er det å rekna ¬som ei forbanning.

15. Si-drop frå taket ¬ein regnversdag og trettekjær kvinne ¬liknar kvarandre.

16. Å stansa henne ¬er som å halda på vind, som å gripa olje ¬med høgre handa.

17. Jern sliper jern, og det eine mennesket ¬sliper det andre.

18. Den som steller fikentreet sitt, ¬får nyta frukta av det; den som vaktar herren sin, ¬vinn ære.

19. Som andletet speglar seg ¬i vatnet, kjenner eit menneske seg att ¬i eit anna.

20. Dødsrike og avgrunn ¬vert aldri mette, og menneskeaugo ¬får aldri nok.

21. Sølvet smeltar dei i digelen og gullet i smelteomnen, men mannen mælest ¬etter sitt gjetord.

22. Om du støyter ein dåre ¬i morteren og knuser han saman ¬med gryna, går dårskapen likevel ikkje ¬av han.

23. Merk deg vel ¬korleis sauene dine ser ut, og syt vel for buskapen din!

24. For rikdom varer ikkje evig, eit diadem går ikkje alltid ¬frå ætt til ætt.

25. Når graset er borte ¬og håa kjem til synes, og folk samlar ¬fjellgraset saman,

26. då har du lam ¬og kan få deg klede og bukkar ¬til å kjøpa ein åker for;

27. du har geitemjølk nok ¬til mat for ditt hus, til livsopphald ¬for jentene dine.

»