Logo
🔍

Salomos ordspråk 28 N78NN

« Fattig og rik

1. Dei gudlause rømer ¬om ingen er etter dei, den rettferdige ¬er trygg som ei ungløve.

2. Eit land som gjer opprør, ¬skifter ofte leiarar, men ein klok mann ¬kan styra lenge.

3. Ein fattig mann som er hard ¬med småkårsfolk, liknar regnet ¬som skyljer bort åkeren, så det ikkje vert korn til brød.

4. Den som går ifrå lova, ¬rosar dei gudlause, den som held lova, ¬går til strid imot dei.

5. Dei vonde skjønar ikkje ¬kva som er rett, men dei som søkjer Herren, ¬skjønar alt.

6. Betre å vera fattig ¬og heil i si ferd enn å vera rik ¬og gå krokvegar.

7. Den som held seg etter læra, ¬er ein klok son; den som held lag ¬med drikkebrør, fører skam over far sin.

8. Den som aukar sin rikdom ¬med renter og åger, samlar til ein som har medynk ¬med armingar.

9. Når nokon vender øyra bort og ikkje vil høyra på rettleiing, då er jamvel bøna hans ¬ein styggedom.

10. Den som fører dei ærlege ¬på vonde vegar, han fell i si eiga grav, men det gode går i arv ¬til heidersmenn.

11. Ein rikmann er vis ¬i eigne augo, ein fattig som har skjøn, ¬ser kva som bur i han.

12. Når dei rettferdige jublar, er det herlegdom og glede; når dei gudlause ¬har framgang, held folk seg borte.

13. Den som løyner sine synder, går det ikkje vel; den som sannar si synd ¬og vender seg frå henne, han finn miskunn.

14. Sæl er den ¬som alltid ottast Gud, men den som gjer seg hard, ¬fell i ulukke.

15. Som knurrande løve ¬og grådig slagbjørn er ein gudlaus hovding ¬for eit fattig folk.

16. Ein fyrste som ikkje har skjøn, ¬grip gjerne til vald; den som hatar urett vinning, ¬får leva lenge.

17. Ein mann som har gjort seg ¬skuldig i drap, han er på flukt mot grava, og ingen må halda han att.

18. Den som er heil i si ferd, ¬vert berga, men den som går krokvegar, ¬fell i grava.

19. Den som dyrkar si jord, ¬får eta seg mett; den som jagar etter fåfengd, ¬får nøgda av armod.

20. Ein trufast mann ¬får rik velsigning, men ingen slepp straff ¬når han spring etter rikdom.

21. Det er ille å gjera skil på folk, ein kan gjera seg til brotsmann ¬for ein brødbit.

22. Den havesjuke har det ¬annsamt ¬med å vinna rikdom, og han skjønar ikkje ¬at han kjem til å lida naud.

23. Den som refser ein mann, ¬får sidan større takk enn den som fer med smiger.

24. Den som røvar ¬frå far sin og mor si og seier: «Det er ikkje synd,» han er jamgod ¬med drapsmenn.

25. Den havesjuke ¬valdar strid og trette, den som lit på Herren, trivst.

26. Den som lit på sitt eige vit, ¬er ein dåre, men den som ferdast ¬med visdom, vert berga.

27. Den som gjev til dei fattige, ¬lid aldri naud, men den som ikkje ¬vil sjå nauda, får mykje forbanning over seg.

28. Når dei gudlause har ¬framgang, ¬held folk seg borte, når dei går til grunne, ¬får dei rettferdige makt.

»