Logo
🔍

Salomos ordspråk 3 N78NN

« Visdom og gudsfrykt

1. Gløym ikkje det ¬eg har lært deg, son min, ta vare på mine bod i ditt hjarta!

2. For dei gjev deg ¬mange dagar og år og gjer di lukke større.

3. Lat aldri godleik ¬og truskap fara, men bind dei om din hals, og skriv dei på di hjartetavle!

4. Då får Gud og menneske ¬godvilje for deg og held deg for ein vitug mann.

5. Lit på Herren ¬av heile ditt hjarta, og set ikkje lit til ditt vit!

6. Tenk på han ¬kvar du ferdast, så gjer han dine stigar jamne.

7. Ver ikkje klok i eigne augo, ha age for Herren, og hald deg frå det ¬som er vondt!

8. Det vert til helsebot ¬for kroppen og gjev deg kraft ¬i merg og bein.

9. Æra Herren med det du eig, med fyrstegrøda ¬av all di avling.

10. Då vert di matbu rikeleg fylt, og druesafta renn over ¬i kummane dine.

11. Son min, ¬vanvørd ikkje Herrens tukt, miss ikkje motet når han refser!

Sæl er den som finn visdom

12. For Herren tuktar ¬den han elskar, som ein far refser ¬den son han har kjær.

13. Sæl er den som finn visdom, det menneske ¬som vinn godt skjøn.

14. Det er betre ¬å få seg visdom enn sølv, den vinning han gjev, ¬er større enn gull.

15. Dyrare er han enn perler, av alle dine skattar ¬er ingen som den.

16. I si høgre hand ¬har han langt liv, i si venstre rikdom og ære.

17. På visdoms vegar ¬er det ein hugnad å fara, alle hans stigar fører til fred.

18. Han er eit livsens tre ¬for alle som grip han, sæle er dei ¬som held fast på han.

19. Herren grunnla jorda ¬med visdom og reiste himmelen med skjøn.

20. Med kunnskap lét han vatnet ¬i havdjupet fossa fram og dogga drypa frå skyene.

21. Ta vare på klokskap ¬og omtanke, og slepp dei ikkje or syne, son!

22. Då skal dei vera til liv for deg, ei fager kjede om halsen din.

23. Då kan du vandra trygt ¬på din veg og ikkje støyta foten mot noko.

24. Du er ikkje redd ¬når du går til ro, når du har lagt deg, ¬søv du så godt.

25. Du treng ikkje reddast ¬for støkk, for stormen som kjem ¬over dei vonde.

Gjer vel mot din neste!

26. For du kan setja di lit ¬til Herren, han vaktar din fot ¬så du ikkje går i snara.

27. Gjer vel mot dei som treng det, nekta ikkje å hjelpa ¬når det står i di makt!

28. Sei ikkje til din neste: ¬«Gå din veg, og kom att i morgon, ¬så skal du få!» – så sant du har noko ¬å gje han no.

29. Legg ikkje vonde planar ¬mot din neste som bur hjå deg ¬og kjenner seg trygg.

30. Tretta ikkje med ein mann ¬utan grunn, når han ikkje har gjort deg ¬noko vondt.

31. Misunn ikkje den ¬som brukar vald, vel ikkje å fylgja i hans fotefar!

32. Den som fer vilt, ¬er ein styggedom for Herren, men med dei ærlege ¬har han samfunn.

33. Herren forbannar ¬huset åt dei gudlause, men heimen åt dei rettferdige ¬velsignar han.

34. Spottarar svarar han ¬med spott, men dei audmjuke ¬gjev han nåde.

35. Vise menn vinn ære, men dårar får stor skam.

»