Logo
🔍

Salomos ordspråk 30 N78NN

« Agurs visdomsord

1. Ord av Agur, son til Jake frå Massa. Så lyder ordet åt mannen: Gud, eg er trøytt, Gud, eg er trøytt og utmødd.

2. Eg er for dum ¬til å vera ein mann, eg har ikkje vit ¬som eit menneske.

3. Visdom har eg ikkje lært, eg har ikkje kunnskap ¬om Den Heilage.

4. Kven har stige opp ¬til himmelen og er komen ned att? Kven har samla vinden ¬i si hole hand og bunde vatnet i eit klede? Kven har fastsett ¬alle grensene for jorda? Kva heiter han, ¬og kva heiter son hans? Det veit vel du?

5. Kvart ord frå Gud er reint. Han er eit vern ¬for dei som flyr til han.

6. Legg ikkje noko til hans ord, elles refser han deg, og du står der som lygnar.

7. To ting vil eg be deg om, dei må du ikkje nekta meg ¬før eg døyr:

8. Hald lygn og fals ¬langt borte frå meg, og gjev meg korkje armod ¬eller rikdom, men lat meg få den mat ¬eg treng!

9. Elles kunne eg verta så mett at eg fornekta deg og spurde: ¬«Kven er Herren?» eller verta så fattig at eg stal og forbanna namnet ¬åt min Gud.

10. Baktal ikkje ein træl ¬for hans herre; elles vil han forbanna deg, og du må bøta for di synd.

11. Det finst folk ¬som forbannar far sin og ikkje velsignar mor si,

12. folk som er reine i eigne augo, men ikkje har vaska ¬ureinskapen av seg,

13. folk som er stolte i blikket – å, kor dei lyfter ¬sine augnebryn! –

14. folk som har sverd til tenner og knivar i kjakane, så dei et armingar ut or landet og fattige ut or folket.

15. Blodiglen har to døtrer: ¬«Gjev» og «Gjev». Det finst tre ¬som ikkje vert mette, og fire som aldri får nok:

16. dødsrike og barnlaust ¬morsliv, jorda som alltid ¬tyrstar etter vatn, og elden som aldri seier: ¬«Det er nok.»

17. Den som ser spottande ¬på far sin og ikkje vil lyda mor si, på han skal ramnane ¬ved bekken hakka ut augo, og ørnungar skal eta dei opp.

18. Det er tre ting som er ¬for underfulle for meg, og fire som eg ikkje skjønar:

19. ørns flòg over himmelen, orms veg over berget, skips veg på havet og manns veg ¬til ei ung kvinne.

20. Så ber ei trulaus kvinne seg åt: Ho et og turkar seg ¬om munnen og seier: «Eg har ikkje ¬gjort noko gale.»

21. Tre ting får jorda til å skjelva, og fire kan ho ikkje tola:

22. trælen når han vert konge, og dåren ¬når han får eta seg mett,

23. attergløyma ¬når ho vert gift, og trælkvinna når ho ¬trengjer matmor si unna.

24. Det finst fire ¬som er små på jorda, og likevel er dei klokast ¬av dei kloke:

25. Mauren er ikkje noko ¬sterkt folk, men om sommaren ¬finn han seg føde.

26. Fjellgrevlingen ¬er eit folk utan styrke, og endå byggjer han seg ¬bustad i berget.

27. Grashoppene har ingen konge, men alle dreg dei ut, ¬flokk etter flokk.

28. Firfisla kan ein ta ¬med hendene, og endå er ho i kongens slott.

29. Det finst tre ¬som går med stolte steg, og fire som har ei fager gonge:

30. løva, kjempa mellom dyra, som ikkje vik for nokon,

31. hanen som går ¬og bretter seg, bukken fyrst i flokken og kongen i brodden ¬for sitt folk.

32. Har du vore dum ¬og hovmodig, så tenk deg om ¬og legg handa på munnen!

33. For trykk på mjølk gjev smør, trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide valdar strid.

»