Salomos ordspråk 31 N11NN
1. Ord frå kong Lemuel, lærdom mor hans gav han.
2. Min son, du son som eg bar, min lovnads-son:
3. Gjev ikkje di kraft til kvinner, ditt liv til det som øydelegg kongar.
4. Det sømer seg ikkje for kongar, Lemuel, det sømer seg ikkje for kongar å drikka vin eller for fyrstar å trå etter sterk drikk.
5. Då vil dei drikka og gløyma lovboda og fordreia retten for alle undertrykte.
6. Men gjev sterk drikk til den som går til grunne, og vin til den som er bitter til sinns.
7. Lat han drikka og gløyma sin fattigdom så han ikkje meir hugsar si naud.
8. Lat opp din munn for den som ikkje sjølv kan tala, før saka for dei som held på å bukka under.
(31,10–31)9. Lat opp din munn og døm rettferdig, lat hjelpelause og fattige få sin rett! Alef א
10. Ei dugande kone, kven finn vel henne? Langt meir enn perler er ho verd. Bet ב
11. Mannen lit på henne i sitt hjarte, og vinning manglar han ikkje. Gimel ג
12. Ho gjer berre godt mot han, ikkje noko vondt så lenge ho lever. Dalet ד
13. Ho skaffar seg ull og lin, hendene arbeider med liv og lyst. He ה
14. Ho er som handelsskipa, ho skaffar mat langt bortanfrå. Waw ו
15. Før det lysnar av dag, er ho oppe, gjev huslyden mat og set tenestejentene i arbeid. Zajin ז
16. Ho ser seg ut eit jordstykke og kjøper det; for det ho har tent, plantar ho ei vinmark. Het ח
17. Styrke er beltet ho har om livet, ho tek i med sterke armar. Tet ט
18. Ho merkar at forretningane går godt, lampa hennar sloknar ikkje om natta. Jod י
19. Ho legg hendene på rokken, og fingrane grip om teinen. Kaf כ
20. Ho opnar handa for den som lid naud, retter hendene ut til den fattige. Lamed ל
21. Kjem det snø, er ho ikkje redd for sine, for alle i huset har ekstra klede. Mem מ
22. Ho lagar sine eigne teppe, ho har klede av lin og purpur. Nun נ
23. Mannen hennar er akta i byporten, der han sit med dei eldste i landet. Samek ס
24. Ho lagar linklede som ho sel, og sender belte til kjøpmannen. Ajin ע
25. Styrke og vørdnad er hennar klednad, ho ler mot komande dagar. Pe פ
26. Ho opnar munnen med visdom, kjærleg rettleiing har ho på tunga. Tsade צ
27. Ho ser etter korleis det går i huset, og et ikkje latskaps brød. Qof ק
28. Borna stig fram og prisar henne lukkeleg, mannen gjev henne ros: Resj ר
29. «Mange kvinner har vist at dei er dugande, men du overgår dei alle.» Sjin ש
30. Ynde sviktar, og venleik forgår, men ei kvinne som fryktar Herren, skal ha ros. Taw ת
31. Pris henne for frukta av arbeidet hennar, gjerningane skal gje henne ros i byens portar.