Logo
🔍

Salomos ordspråk 31 N78NN

« Kong Lemuels ord

1. Ord av Lemuel, konge i Massa, ord som mor hans hadde prenta inn i han.

2. Kva skal eg seia deg, ¬min kjære son, du son som eg fekk ¬– eit svar på bøn?

3. Gjev ikkje di kraft til kvinner, ditt liv til dei ¬som tyner kongar.

4. Det sømer seg ikkje ¬for kongar, Lemuel, det sømer seg ikkje ¬for kongar å drikka vin eller for fyrstar å nyta rusdrikk.

5. For då gløymer dei lov ¬og vedtekt og rengjer retten ¬for kvar arming.

6. Gjev heller rusdrikk til den som held på å gå til grunne, og vin til den som er sorgtyngd.

7. Lat han drikka, ¬så han gløymer si armod og ikkje minnest si møde meir.

8. Lat opp din munn ¬for den som er mållaus, tal saka for dei ¬som held på å gå til grunne.

Den gode kona

9. Lat opp din munn ¬og døm rettferdig, hjelp armingar og fattigfolk ¬til deira rett!

10. Den gode kona, ¬kven finn vel henne? Meir er ho verd enn perler.

11. Mannen set all si lit til henne, og det skortar ikkje ¬på vinning.

12. Ho gjer berre godt imot han, og inkje vondt, ¬så lenge ho lever.

13. Ho syter for ull og lin, hennar hender arbeider ¬med liv og lyst.

14. Ho er som ein kjøpmanns skip, langt bortanfrå hentar ho mat.

15. Før det ljosnar av dag, ¬er ho oppe, gjev huslyden mat, ¬set jentene i arbeid.

16. Vil ho ha ein åker, ¬får ho tak i han; ho plantar ein vingard ¬for det ho har tent.

17. Styrke er beltet ho har ¬om livet, i armane legg ho kraft.

18. Ho merkar at arbeidet lukkast, hennar lampe ¬sloknar ikkje om natta.

19. Ho legg hendene på rokken, og fingrane grip om teinen.

20. Ho opnar handa ¬for dei som lid naud, retter armane ut til fattigfolk.

21. Kjem det snø, ¬er ho ikkje redd for huset, for heile hennar hus ¬er dobbelt kledt.

22. Teppe lagar ho sjølv, ho har klede av lin ¬og purpurfarga ull.

23. Hennar mann er kjend ¬der folket samlast, han sit i lag ¬med dei eldste i landet.

24. Ho lagar skjorter som ho sel, og sender belte ¬til kjøpmannen.

25. Kraft og vørdnad ¬er hennar klednad, og ho ler mot komande dagar.

26. Ho talar klokt ¬når ho opnar munnen, og venleg rettleiing ¬har ho på tunga.

27. Ho ser etter ¬korleis det går i huset, og et ikkje brød ¬ho har vunne i latskap.

28. Hennar søner stig fram ¬og prisar henne sæl, og mannen gjev henne ros:

29. «Det finst mange ¬dugande kvinner, men du går over dei alle.»

30. Ynde sviktar, og venleik forgår, ei kvinne som har age ¬for Herren, skal prisast.

31. Lat henne nyta frukta ¬av sitt arbeid; der menneske møtest, får ho ros for sine gjerningar.