Logo
🔍

Salomos ordspråk 5 N78NN

« Hald deg unna annan manns kone!

1. Son min, gjev akt på ¬min visdom, vend øyra til mitt skjøn!

2. Så kan du ta vare på gode råd og vakta på kunnskapen ¬når du talar.

3. Framand kvinne ¬har honning på lippa, sleipare enn olje ¬er hennar tunge.

4. Men til sist er ho beisk ¬som malurt og kvass ¬som eit tvieggja sverd.

5. Hennar fotsteg fører til døden, til dødsriket går hennar fet.

6. Ho aktar ikkje på livsens stig, ho vinglar vegvill, ¬men merkar det ikkje.

7. Så høyr på meg, mine born, vik ikkje av frå dei ord eg talar!

8. Hald deg unna ¬annan manns kone, kom ikkje nær hennar dør!

9. Elles må du gje ¬din ungdoms kraft til andre, dine beste år ¬til ein nådelaus herre.

10. Framande får metta seg ¬av det du eig, det du vann med ditt strev, ¬går til annan manns hus.

11. Så må du stynja i di ¬siste stund, når kroppen og holdet ¬tærest bort,

12. og seia: ¬«Korleis kunne eg hata tukt og ikkje bry meg om refsing!

13. Eg høyrde ikkje ¬på dei som rettleidde meg, og lydde ikkje ¬på dei som lærte meg.

14. Det hadde nær gått ille ¬med meg då folket var samla til ting.»

15. Drikk or din eigen brunn, rennande vatn ¬or di eiga kjelde!

16. Lat ikkje kjeldene dine ¬renna ut på gata, bekkene dine strøyma ¬på torg og plassar!

17. Du skal ha dei heilt ¬for deg sjølv og ikkje dela dei med andre.

18. Då skal kjelda di vera velsigna. Gled deg over ¬din ungdoms kone,

19. den elskelege hind, ¬den yndefulle gasell! Fryd deg støtt ¬ved hennar barm, lat alltid hennar kjærleik ¬gjera deg ør!

20. Son min! Kvifor skal annan manns kone ¬få gjera deg ør, kvifor ta framand kvinne ¬i famn?

21. Herren ser kvar mannen går, gjev akt på alle hans stigar.

22. Den gudlause vert fanga ¬av sin eigen udåd, syndene held han fast ¬som snarer.

23. Han må døy ¬fordi han ikkje får tukt, i sin store dårskap ¬går han til grunne.

»