Logo
🔍

Salomos ordspråk 7 N78NN

« Akta deg når framand kvinne lokkar!

1. Son min, ta vare ¬på mine ord, gøym mine bod i din hug!

2. Ta vare på mine bod, ¬så skal du leva, og på mi lære ¬som din augnestein!

3. Bind dei fast ¬til fingrane dine, og skriv dei på di hjartetavle!

4. Sei til visdomen: ¬«Du er mi syster,» og kall vitet din frende!

5. Så vaktar dei deg ¬mot annan manns kone, mot framand kvinne ¬som lokkar så fint.

6. Ein gong såg eg ut ¬gjennom glaset, kikka ut gjennom gluggen.

7. Då såg eg mellom dei unge ¬ein tankelaus gut, eg merka meg han ¬blant dei urøynde menn.

8. Han gjekk framom på gata ¬ved hennar hjørne, gjekk og dreiv på vegen ¬ved hennar hus.

9. Det var i skumringa, ¬då det kvelda, på den tid nattemørkret ¬fell på.

10. Då kjem kvinna imot han i skjøkjebunad ¬og med listige planar.

11. Ho er så rastlaus og ustyrleg, ho kan ikkje halda seg ¬roleg heime.

12. Snart er ho på gata ¬og snart på torget, ho står på lur ¬ved kvart gatehjørne.

13. Så tek ho tak i han, ¬kysser han og seier til han ¬med frekk mine:

14. «Eg skulle bera fram ¬eit måltidsoffer, og no har eg gjort det eg lova.

15. Så gjekk eg ut ¬til møtes med deg, eg leita etter deg ¬og fann deg.

16. Eg har lagt teppe på mi seng, fargerikt lin frå Egypt,

17. og over mi lege har eg strøytt myrra, aloë og kanel.

18. Kom, lat oss nyta ¬kjærleiksrusen, hyggja oss i elskhug ¬til morgonen gryr.

19. For mannen min er ikkje heime, han er ute på langferd.

20. Pengepungen tok han ¬med seg, fyrst ved fullmånetid ¬kjem han heim.»

21. Ho vann han ¬med lokkande ord, med falske lipper ¬forførte ho han.

22. Han fylgjer etter henne ¬med det same, lik ein okse dei fører ¬til slakting, eller ein hjort som går i fella,

23. til pila borar seg inn i levra; han liknar fuglen ¬som flyg i snara og ikkje skjønar ¬at det gjeld livet.

24. Så høyr no på meg, mine born, lyd på orda frå min munn!

25. Lat deg ikkje lokka til å velja dei vegar framand kvinne går, villa deg ikkje inn ¬på hennar stigar!

26. For mange har ho gjeve ¬banesår, talrike er dei ho har felt.

27. Frå hennar hus ¬går vegar til dødsriket, dei fører til dødens mørke rom.

»