Logo
🔍

Salomos ordspråk 8 N78NN

« Visdomen kallar

1. Høyr, korleis visdomsmøya ¬ropar, og vitet lyfter si røyst!

2. Ho står på bakketoppane ¬ved vegen, nett der stigane møtest.

3. Attmed portane ¬som fører inn i byen, attmed inngangen til portane ¬ropar ho høgt:

4. Eg ropar til dykk, godt folk, til menneska lyder mi røyst.

5. Lær dykk klokskap, ¬de urøynde, få vit, de dårar!

6. Høyr! Viktige ting ¬vil eg tala om, frå munnen min ¬kjem rettvise ord.

7. Mi tunge talar sanning, og lippene styggjest ¬ved det som er vondt.

8. Kvart ord frå min munn ¬er rett, det er ingenting vondt ¬eller vrangt i dei.

9. Dei er endeframme ¬for den vituge, lette å skjøna ¬for den som har kunnskap.

10. Ta imot mi åtvaring ¬heller enn sølv, den kunnskap eg gjev, ¬framfor utvalt gull.

Visdoms frukt

11. For visdom er betre enn perler, av alle skattar er ingen ¬som den.

12. Eg, visdomen, ¬har klokskap til granne, eg har kunnskap ¬og gjev gode råd.

13. Age for Herren ¬er å hata det vonde. Eg hatar hovmod og storlæte, stygg åtferd og svikefull tale.

14. Eg gjev råd og hjelp ¬som fører til framgang, eg har vit og styrke.

15. Ved meg kan kongar råda og fyrstar fastsetja ¬kva som er rett.

16. Ved meg kan stormenn styra og alle hovdingar ¬døma rettferdig.

17. Eg elskar dei som elskar meg, og dei som leitar etter meg, ¬finn meg.

18. Hjå meg er rikdom og ære, gamalt arvegods ¬og rettkomen vinning.

19. Mi frukt er betre ¬enn det finaste gull, mi vinning betre ¬enn utvalt sølv.

20. Eg går på rettferds veg, held meg midt på ¬dei rette stigar.

Opphavet til visdom

21. Så gjev eg rikdom ¬til dei som elskar meg, og fyller deira forrådsrom.

22. Herren skapte meg fyrst av alt, eg var hans fyrste verk ¬i fordoms tid.

23. I opphavet vart eg forma, i fyrstninga, før jorda vart til.

24. Før havdjupet var der, ¬vart eg fødd, før kjeldene fyltest med vatn.

25. Før fjella vart sette på plass, før alle haugar vart eg fødd,

26. før Herren hadde skapt ¬jord og marker og den fyrste mold på jorda.

27. Eg var der ¬då han reiste himmelen og spente kvelven over djupet,

28. då han samla skyene der oppe og lét kjeldene i havdjupet ¬strøyma sterkt.

29. Då han sette grense for havet, så vatnet stansa der han baud, og han la grunnvoll ¬under jorda,

30. då var eg bygningsmann ¬hjå han. Eg var til glede for han ¬dag etter dag og leika meg støtt ¬for hans åsyn.

31. Eg leika på heile hans vide jord og hadde min hugnad ¬i menneskeborna.

32. Så høyr no på meg, mine born! Sæle er dei ¬som fylgjer mine vegar.

33. Høyr på mi formaning, og slå ikkje vrak på den! Så vert de vise.

34. Sæl er den som høyrer på meg, som dagleg vaker ¬ved mine dører og held vakt ved mine portar.

35. For den som finn meg, ¬finn livet og får nåde hjå Herren.

36. Men den som ikkje finn meg, ¬skader seg sjølv; alle som hatar meg, ¬elskar døden.

»