Logo
🔍

Salmenes bok 1 N11NN

Salme 1–41

1. Sæl er den som ikkje følgjer råd frå lovlause, ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag,

2. men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt.

3. Han er lik eit tre planta ved rennande vatn. Det gjev frukt i rett tid, og lauvet visnar ikkje. Alt han gjer, skal lukkast.

4. Slik er det ikkje med dei lovlause. Dei er lik agner som spreiest for vinden.

5. Difor kan ingen skuldige bli ståande i dommen, ingen syndarar i flokken av rettferdige.

6. For Herren kjenner vegen dei rettferdige går, men vegen dei urettferdige går, fører vill.

»